Hopp til innhold
Forskrift

§ 7. Ufråvikelege vilkår

Havbeiteforskrifta·Kapittel II. Tildeling·Sist endret 7. februar 2024

Ufråvikelege vilkår

Havbeiteløyve kan berre gjevast dersom a) Det er miljømessig forsvarleg b) Det er gjort ei veging av arealinteresser, med særleg vekt på 1) søkars behov for areal til planlagt akvakulturverksemd, 2) alternativ bruk av området til annan verksemd, 3) annan bruk av området til annan akvakultur, 4) verneinteresser som ikkje er omfatta av bokstav d, her medrekna vedtak om vern etter lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet; c) det er gjeve dei løyve som vert kravd etter 1) lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv., 2) lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall, 3) lov 21. juni 2019 nr. 70 om havner og farvann, og 4) lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann, og d) det ikkje er i strid med 1) vedtekne arealplanar etter plan- og bygningsloven 27. juni 2008 nr. 71, 2) vedtekne vernetiltak etter lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold, eller 3) vedtekne vernetiltak etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner. Sjølv om løyve kan vere i strid med bokstav d) kan løyve gjevast dersom det ligg føre samtykke frå vedkommande plan- eller vernestyresmakt. Fylkeskommunen skal konsultere Havforskningsinstituttet om råd etter fyrste ledd bokstav a). Havforskningsinstituttet skal som minimum gi råd om det er økologisk forsvarleg å drive havbeite på den omsøkte lokaliteten. Av omsyn til miljøet og biologien til artene skal fylkeskommunane ikkje tildele løyve til etablering nord for Vestfjorden og ikkje løyve til havbeite med stort kamskjell frå Hå kommune i Rogaland sin sørgrense til svenskegrensen. Løyve kan berre gjevast til utsett av havbeitedyr som er stadeigne.

Det stilles strenge krav for å få tillatelse til havbeite. Det må være miljømessig forsvarlig, samsvare med arealplaner og vernetiltak, og det må foreligge nødvendige tillatelser. Kun arter som er stedegne kan brukes.AI

Endret 19. mars 2013 · i kraft 12. mars 2013
Endringshistorikk (4)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 12 mars 2013 nr. 278, 7 feb 2024 nr. 226.

referert av 3

Sammenheng

Referert av3
Endringshistorikk4

Koblinger for § 7 i havbeiteforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →