Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4. Innhaldet i prosjektspesifikt utgreiingsprogram

Havenergilovforskrifta·Kapittel 2. – Melding, prosjektspesifikk konsekvensutgreiing, konsesjon og detaljplan·Sist endret 29. mars 2023

Innhaldet i prosjektspesifikt utgreiingsprogram

Ei melding med framlegg til prosjektspesifikt utgreiingsprogram skal minst innehalde ei skildring av: a) energianlegget, aktuelle utbyggingsløysingar og kostnadar, prosjektområdet og, på bakgrunn av tilgjengeleg kunnskap, mulege verknadar for andre næringar, miljø og samfunn b) tilhøve som skal utgreiast og kva metodar som skal nyttast c) opplysingar om verksemda til den som søker. Departementet kan krevje tilleggsopplysingar. Departementet sender framlegg til prosjektspesifikt utgreiingsprogram på høyring til relevante myndigheter og interesseorganisasjonar, og gjer framlegget tilgjengeleg for offentligheita på internett. Det skal setjast ein rimeleg frist for fråsegner, som ikkje bør være kortare enn 6 veker. Departementet kan fastsetje utgreiingsprogrammet på bakgrunn av framlegget og innkomne høyringsfråsegner. Det kan ikkje fastsetjast fleire utgreiingsprogram for same prosjektområde samstundes.

Reglene fastsetter hva en melding om utgreiingsprogram for energianlegg til havs skal inneholde. Programmet skal sendes på høring til berørte parter og offentliggjøres på internett før departementet fastsetter det. Det kan ikke finnes flere slike programmer for samme område samtidig.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 29 mars 2023 nr. 442.

referert av 1

Sammenheng

Referert av1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 4 i havenergilovforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →