Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 7. Søknad om konsesjon

Havenergilovforskrifta·Kapittel 2. – Melding, prosjektspesifikk konsekvensutgreiing, konsesjon og detaljplan·Sist endret 29. mars 2023

Søknad om konsesjon

Innan to år etter at departementet har fastsett utgreiingsprogram for eit prosjektområde, skal den som har søkt om fastsetjing av utgreiingsprogrammet, sende inn søknad om konsesjon til departementet. Den prosjektspesifikke konsekvensutgreiinga skal leggast ved søknaden. Søknaden skal minst innehalde opplysingar om: a) søkaren, søkaren si verksemd, eigartilhøve og finansielle kapasitet. Dersom søknaden omfattar fleire søkarar, skal alle namn, adresser og nasjonalitetar gjevast opp b) kven i Noreg som skal vere representant andsynes departementet c) kva for prosjektområde det vert søkt konsesjon for d) om det også vert søkt konsesjon etter energilova, t.d. for tilknyting av energianlegget til kraftnettet på land e) ei skildring av det planlagde prosjektet: -) estimert installert yting -) estimert årsproduksjon -) løysing for tilknyting til kraftnett -) kostnadsoverslag -) vurdering av lønsemda i prosjektet -) potensialet for konflikt med andre interesser. Departementet kan krevje ytterlegare opplysingar. Departementet sender konsesjonssøknaden med prosjektspesifikk konsekvensutgreiing på høyring til relevante myndigheiter og interesseorganisasjonar, og gjer dette tilgjengeleg for offentlegheita på internett. Det skal setjast ein frist for fråsegner, som ikkje bør være kortare enn 6 veker.

Den som har søkt om utgreiingsprogram må sende søknad om konsesjon til departementet innan to år. Søknaden skal innehalde ei konsekvensutgreiing og detaljar om søkar, prosjektområdet og det planlagde prosjektet. Søknaden blir sendt på høyring og lagt ut på internett.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 29 mars 2023 nr. 442.

referert av 2

Sammenheng

Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 7 i havenergilovforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →