Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 8-2. Når avgjerd kan ankast, og utsett iverksetjing av jordskiftet

Jordskiftelova·Kapittel 8. Rettsmiddel med vidare

Når avgjerd kan ankast, og utsett iverksetjing av jordskiftet

Med dei unntaka som denne paragrafen nemner, kan anke berre brukast når jordskifteretten har avgjort heile saka. Ein orskurd kan ankast når han er avsagd. Jordskifteretten kan gjere vedtak om at det kan ankast før heile saka er avgjord. Når dom gjeld eigedom eller bruksrett for ein som ikkje er godkjend som eigar eller bruksrettshavar i jordskifteområdet, skal slik avgjerd kunne ankast før heile saka er avgjord. Det same gjeld for nabo til jordskifteområdet. Tvisteloven § 29-3 tredje ledd gjeld for vedtak om å tillate anke før heile saka er avgjord. Er det brukt rettsmiddel mot ei avgjerd, må iverksetjing av jordskiftet utsetjast til saka er rettskraftig avgjord.

Hovudregelen er at anke først kan brukast når jordskifteretten har avgjort heile saka. Det finst likevel unntak der anke kan skje tidlegare, for eksempel ved orskurd. Viss ei avgjerd blir ankast, må gjennomføringa av jordskiftet utsetjast.AI

Se ogsåTvisteloven § 29-3referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 8-2 i jordskiftelova.

Les hele loven i sammenheng →