Lov
Nynorsk
§ 8-1. Rettsmiddel og kva for prosessreglar som gjeld ved bruk av rettsmiddel
Rettsmiddel og kva for prosessreglar som gjeld ved bruk av rettsmiddel
Avgjerd teken av jordskifteretten kan prøvast med anke til lagmannsretten.
Ved anke over dom, orskurd eller vedtak, gjeld reglane i tvisteloven.
Ved anke over jordskifteavgjerd etter § 6-23 gjeld reglane i kapittel 6 så langt dei høver. I tillegg gjeld tvisteloven slik det går fram av paragrafane i kapitlet her.
Ved anke over skjønn eller andre avgjerder tekne i medhald av §§ 5-1 til 5-3 gjeld reglane i tredje ledd.
Skjønn eller andre avgjerder tekne av jordskifteretten i eiga sak etter §§ 5-4 til 5-6, kan prøvast ved krav om overskjønn til lagmannsretten etter lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.
Er det i same sak anka over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, kan anken behandlast som ei sak for lagmannsretten. Førstelagmannen avgjer om anken skal behandlast som ei sak. Avgjerda kan ikkje ankast.
Avgjerd etter lova her kan gjenopnast etter § 8-14.
Beslutninger fra jordskifteretten kan ankes til lagmannsretten. Hvilke regler som gjelder for anken, avhenger av hva slags type beslutning det er snakk om. Enkelte beslutninger kan også gjenåpnes.AI
Se ogsåJordskiftelova § 6-23Jordskiftelova § 5-1Jordskiftelova § 5-4Jordskiftelova § 8-14referert av 2 →
Sammenheng
Se også6
Referert av2
Koblinger for § 8-1 i jordskiftelova.