Lov
Nynorsk
§ 8-7. Samansetjinga av lagmannsretten
Samansetjinga av lagmannsretten
Ved prøving av dom, orskurd eller vedtak frå jordskifteretten skal lagmannsretten setjast med tre dommarar. Førstelagmannen kan vedta at ein av dei tre dommarane kan vera jordskiftelagdommar.
Ved prøving av jordskifteavgjerd skal lagmannsretten setjast med ein jordskiftelagdommar og to oppnemnde jordskiftemeddommarar frå det utvalet som er nemnt i § 2-5. Om ein part krev det, avgjer førstelagmannen om lagmannsretten skal setjast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar. Førstelagmannen avgjer om lagmannsretten skal setjast med ein jordskiftelagdommar, ein lagdommar og ein eller tre oppnemnde jordskiftemeddommarar. Ved oppnemning av jordskiftemeddommarar gjeld § 2-7.
Er det anka over ulike avgjerder i same sak, og behandlinga av saka etter § 8-1 sjette ledd er samla i ei sak for lagmannsretten, fastset førstelagmannen samansetjinga av retten. Dersom ei av dei anka avgjerdene er ei jordskifteavgjerd, skal jordskiftelagdommaren alltid delta ved behandlinga.
Førstelagmannen avgjer kven som skal vere saksførebuande dommar og leiar for retten.
Avgjerda førstelagmannen tek etter paragrafen her kan ikkje ankast.
Bestemmelsen forklarer hvordan lagmannsretten skal settes sammen når saker fra jordskifteretten behandles. Den beskriver hvem som skal delta som dommere og hvordan førstelagmannen fordeler rollene.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 9 juni 2023 nr. 32 (i kraft 1 juli 2023 iflg. res. 9 juni 2023 nr. 829).
Se ogsåJordskiftelova § 2-5Jordskiftelova § 2-7Jordskiftelova § 8-1omtalt i 2 kilder →referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Nevnt i2
Koblinger for § 8-7 i jordskiftelova.