Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2-5. Utval av jordskiftemeddommarar

Jordskiftelova·Kapittel 2. Jordskifterettane·Sist endret 1. januar 2018

Utval av jordskiftemeddommarar

I kvart jordskiftesokn skal det vere eit særskilt utval av jordskiftemeddommarar. Medlemmene i utvalet skal vere kunnige i saker som jordskifteretten i jordskiftesoknet til vanleg har. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange jordskiftemeddommarar som skal utpeikast, slik at ein kan rekne med at kvart medlem kan gjere teneste i ei sak i valperioden. Utvalet skal utpeikast etter reglane i domstolloven om val av meddommarar. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange det skal vere i utvalet for kvar kommune. Alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst éin medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Meddommarar og skjønnsmedlemmer er ikkje fritekne for val til utvalet av jordskiftemeddommarar.

Hvert jordskiftesogn skal ha et utvalg av meddommere som har kunnskap om sakene retten vanligvis behandler. Lederen for jordskifteretten bestemmer hvor mange som skal være med i utvalget for hver kommune.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 juni 2017 nr. 58 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 13 okt 2017 nr. 1613).

omtalt i 1 kildereferert av 2

Sammenheng

Referert av2
Nevnt i1

Koblinger for § 2-5 i jordskiftelova.

Les hele loven i sammenheng →