Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2-7. Oppnemning av jordskiftemeddommarar

Jordskiftelova·Kapittel 2. Jordskifterettane

Oppnemning av jordskiftemeddommarar

Utan omsyn til soknegrenser skal jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar frå utvalet som er nemnt i § 2-5. Jordskiftedommaren skal nemne opp jordskiftemeddommarar som er kunnige i det saka i hovudsak gjeld. Er det nødvendig for å få jordskiftemeddommarar som er særleg kunnige på eitt eller fleire område, kan jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar som ikkje er med i utvalet. Dersom ein oppnemnt jordskiftemeddommar ikkje møter eller ikkje kan gjere teneste, og heller ikkje nokon av dei oppnemnde varajordskiftemeddommarane kan møte innan rimeleg tid, kan jordskiftedommaren nemne opp ein annan jordskiftemeddommar for møtet. Ein slik jordskiftemeddommar treng ikkje høyre til utvalet.

Jordskiftedommeren utpeker meddommere og varameddommere som har kunnskap om hva saken gjelder. Dersom det er behov for spesialkompetanse, eller ingen av de utpekte kan møte, kan dommeren velge personer som ikke står på den faste listen.AI

Se ogsåJordskiftelova § 2-5referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 2-7 i jordskiftelova.

Les hele loven i sammenheng →