Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 26. Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining

Matrikkellova·Kapittel 5. Føring av matrikkelen·Sist endret 1. juli 2025

Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining

Kommunen kan slette ei matrikkeleining frå matrikkelen dersom det ikkje låg føre grunnlag for å opprette eininga. Det same gjeld for matrikkeleiningar som fysisk ikkje lenger eksisterer. Dersom eininga er ført inn i grunnboka, kan ho berre slettast frå matrikkelen dersom ho samtidig blir sletta i grunnboka. Eigarseksjonar som blir sletta i grunnboka etter vedtak med heimel i eierseksjonsloven § 22 andre ledd, skal slettast frå matrikkelen. Kommunen fullfører slettinga ved å utferde matrikkelbrev i samsvar med § 24 tredje ledd. Opplysningar om grenser og geografiske opplysningar om punktfeste og stadbundne rettar kan berre supplerast eller endrast på grunnlag av ny oppmålingsforretning, jf. § 17, rettskraftig avgjerd ved domstolane, jf. § 22 andre ledd, eller avtale mellom partane når vilkåra for dette er til stades, jf. § 19. Kommunen kan likevel rette slike opplysningar når det blir dokumentert at opplysningane er feil, og dette kjem av feil i registreringa eller i vedlikehaldet av matrikkelen, eller når det følgjer av forskrift gitt i medhald av § 17 andre ledd at slike opplysningar kan klarleggjast utan oppmålingsforretning. Andre opplysningar kan rettast av organet som fører opplysningane, dersom dei er feil, ufullstendige, grunnlaget for registreringa har falle bort, eller det ikkje er høve til å behandle dei i matrikkelen. Organet skal rette opplysningane når ein part set fram krav om det og kan dokumentere at det er grunnlag for å rette opplysningane. Kommunen eller sentral matrikkelstyresmakt kan av eige tiltak rette opplysningane når dette har noko vesentleg å seie for matrikkelen som eit einsarta og påliteleg register. Partar som retting, endring eller tilføying har noko å seie for, skal underrettast. Denne paragrafen går framom personvernforordningen artikkel 16 om retting av personopplysningar. Departementet kan gi forskrift om rettingar, endringar og tilføyingar til matrikkelen og om sletting av matrikkeleining, til dømes om underretting og når underretting kan sløyfast.
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 29 juni 2007 nr. 94 (ikr. 29 juni 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 760), 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 20 apr 2018 nr. 12 (i kraft 1 jan 2021 iflg. res. 29 april 2020 nr. 885), 8 mars 2019 nr. 5 (i kraft 1 jan 2021 iflg. res. 29 april 2020 nr. 885), 20 juni 2025 nr. 93 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 20. juni 2025 nr. 1328).

Se ogsåEierseksjonsloven § 22 første leddMatrikkellova § 17Matrikkellova § 24 første leddMatrikkellova § 19referert av 3

Sammenheng

Se også4
Referert av3

Koblinger for § 26 i matrikkellova.

Les hele loven i sammenheng →