Lov
Nynorsk
§ 27. Komplettering av opplysningane i matrikkelen
Komplettering av opplysningane i matrikkelen
Departementet kan gi forskrift om at ein eigar, rettshavar eller leigar til eigedom, bygning eller bygningsdel kan leggje inn opplysningar om eigedomen, bygningen eller bygningsdelen i matrikkelen, under dette om krav til elektronisk registrering og legitimasjon for den som skal kunne gjere slik komplettering.
Sentral matrikkelstyresmakt eller kommunen kan påleggje ein eigar, rettshavar eller leigar til eigedom, bygning eller bygningsdel å skaffe opplysningar om eksisterande matrikkeleiningar, bygningar, bustader og adresser som det går fram av lov eller forskrift at matrikkelen skal innehalde. Departementet kan gi forskrift om slik komplettering, under dette bestemme kva for organ som skal føre opplysningane i matrikkelen, og offentlege organ si plikt til å rapportere slike opplysningar.
Departementet kan gi forskrift om at dersom ein eigar eller rettshavar til fast eigedom har plikt til å gi opplysningar som nemnt i andre ledd til skattestyresmakta, kan skattestyresmakta rapportere opplysningane vidare til sentral matrikkelstyresmakt. Skattestyresmakta kan utføre slik rapportering utan hinder av teieplikta etter skatteforvaltningsloven.
Reglane opnar for at eigarar, rettshavarar eller leigarar kan leggje inn opplysningar i matrikkelen. Styresmaktene kan også påleggje desse personane å skaffe nødvendige opplysningar, og skattestyresmakta kan rapportere opplysningar vidare.AI
Endret 11. mai 2021 · i kraft 11. mai 2021
Endringshistorikk (3)
- 11. mai 2021Endringslov til plan- og bygningsloven, eierseksjonsloven mv.
- 20. april 2018Endringslov til matrikkellova og plan- og bygningsloven
- 20. april 2018Delt ikrafts. av lov 2018:12, om endr. i matrikkellova og plan- og bygningsloven
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 20 apr 2018 nr. 12 (ikr. 20 apr 2018 iflg. res. 20 apr 2018 nr. 593), 11 mai 2021 nr. 37 (ikr. 1 juli 2021 iflg. res. 11 mai 2021 nr. 1542).
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Referert av2
Nevnt i3
- Lovvedtak 93 (2020–2021)Vedtak til lov om endringer i plan- og bygningsloven, eierseksjonsloven og matrikkellova (endret regelverk for eksisterende byggverk og oppdeling av boenheter til hybler mv.)
- Innst. 323 L (2020–2021)Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen
- Lovvedtak 28 (2011–2012)Vedtak til lov om endringer i matrikkellova og tinglysingsloven mv.
Endringshistorikk3
Koblinger for § 27 i matrikkellova.