Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 33. Oppmålingsforretning

Matrikkellova·Kapittel 7. Oppmålingsforretning, krav til landmålar o.a.·Sist endret 1. juli 2025

Oppmålingsforretning

Ei oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med påstandane til partane og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing. Den som utfører oppmålingsforretninga, skal ta vare på interessene til alle partar og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk. Oppstår det under forretninga tvil eller tvist om ei eksisterande grense og det ikkje blir oppnådd semje, skal dette markerast i kravet om matrikkelføring. I ei forretning som gjeld oppretting av ei ny matrikkeleining eller anna endring av eigedom som krev kommunalt løyve etter plan- og bygningsloven, skal dei nye grensene merkjast i marka i samsvar med løyvet. Nye grenser for uteareal til eigarseksjon skal merkjast i samsvar med vedtaket om dette etter eierseksjonsloven. Den som utfører forretninga kan samtykkje i mindre avvik, for å kunne få ei gagnleg grense ut frå tilhøva i terrenget. Partane og den som utfører forretninga, har tilgang til privat og offentleg eigedom i samsvar med § 41. Oppmålingsforretning over areal som inngår i sak for jordskifteretten, blir utført av jordskifteretten etter reglane i jordskiftelova med mindre jordskifteretten bestemmer noko anna. Departementet kan gi forskrift om varsling og proklama, og om utføring og dokumentasjon av oppmålingsforretning.

Ei oppmålingsforretning skal avklare og beskrive grenser og rettar basert på partane sine påstandar og dokument. Den som utfører dette, skal følgje god landmålarskikk og vareta interessene til alle partar.AI

Endret 20. juni 2025
Endringshistorikk (2)
  • 20. juni 2025Endringslov til plan- og bygningsloven og matrikkellova
  • 20. april 2018Endringslov til matrikkellova og plan- og bygningsloven
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 29 juni 2007 nr. 94 (ikr. 29 juni 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 760), 20 apr 2018 nr. 12 (ikr. 20 apr 2018 iflg. res. 20 apr 2018 nr. 593), 20 juni 2025 nr. 93 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 20. juni 2025 nr. 1328).

Se ogsåMatrikkellova § 41omtalt i 4 kilderreferert av 3

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av3
Nevnt i4
Endringshistorikk2

Koblinger for § 33 i matrikkellova.

Les hele loven i sammenheng →