Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5. Matrikkeleiningar

Matrikkellova·Kapittel 2. Matrikkelen og innhaldet i den o.a.

Matrikkeleiningar

Følgjande objekt kan opprettast som eigne matrikkeleiningar: a) grunneigedom, eigedom som er avgrensa ved eigedomsgrenser på jordoverflata og som med dei avgrensingane som følgjer av at det eventuelt er oppretta anleggseigedom etter bokstav b, strekkjer seg så langt nedover i grunnen og oppover i lufta som privat eigedomsrett rekk etter alminnelege reglar, b) anleggseigedom, ein bygning eller konstruksjon, eller eit avgrensa fysisk volum som er tillate utbygt, og som er utskilt som eigen eigedom. Fast anlegg på eigarlaus sjøgrunn eller i eigarlaus undergrunn kan også opprettast som anleggseigedom, c) eigarseksjon, d) jordsameige, grunnareal som ligg i sameige mellom fleire grunneigedommar, og der sameigepartane inngår i grunneigedommane, og e) festegrunn, del av grunneigedom eller jordsameige som nokon har festerett til eller som kan festast bort, eller som nokon har ein tilsvarande eksklusiv og langvarig bruksrett til. Ny matrikkeleining er oppretta når eininga er ført inn i matrikkelen. Einingar, under dette rettar, som er tildelte matrikkelnummer etter tidlegare regelverk, blir rekna som matrikkeleining og kan stå oppført i matrikkelen.

Bestemmelsen forklarer hvilke typer eiendommer og objekter som kan opprettes som egne enheter i matrikkelen. En ny enhet regnes som opprettet når den er ført inn i registeret.AI

Endret 8. mars 2019
Endringshistorikk (2)

omtalt i 4 kilderreferert av 4

Sammenheng

Referert av4
Nevnt i4
Endringshistorikk2

Koblinger for § 5 i matrikkellova.

Les hele loven i sammenheng →