Lov
Nynorsk
§ 24. Unntak for kontroll- og reguleringstiltak, dokument om lovbrot og opplysningar som kan lette gjennomføringa av lovbrot m.m
Unntak for kontroll- og reguleringstiltak, dokument om lovbrot og opplysningar som kan lette gjennomføringa av lovbrot m.m
Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd fordi innsyn ville motverke offentlege kontroll- eller reguleringstiltak eller andre pålegg eller forbod, eller føre til fare for at dei ikkje kan gjennomførast.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for melding, tips eller liknande dokument om lovbrot frå private. Andre dokument om lovbrot, blant anna melding og tips frå offentlege organ, kan det gjerast unntak frå innsyn for inntil saka er avgjord.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når unntak er påkravd fordi innsyn ville lette gjennomføringa av straffbare handlingar. Det same gjeld opplysningar der unntak er påkravd fordi innsyn ville utsetje enkeltpersonar for fare, eller lette gjennomføringa av handlingar som kan skade delar av miljøet som er særleg utsette, eller som er trua av utrydding.
Det kan nektast innsyn i dokument dersom dette hindrar kontrolltiltak eller gjer det lettare å utføre lovbrot. Unntak gjeld også tips om lovbrot frå private, samt opplysningar som kan utsetje personar eller utryddingstruga miljø for fare.AI
Sammenheng
Referert av5
- Sikkerhetsforskriften (skip mv) § 19Forholdet til offentleglova
- Forskrift om jordstasjon for satellitt i Antarktis § 9Tilsyn mv
- Forskrift om jordstasjon for satellitt på Svalbard § 9Tilsyn mv
- Forskningsetikkloven § 11Unntak fra offentlighet
- Stortingets regler om dokumentinnsyn § 4Offentleglovas unntak som gjelder for Stortinget
Nevnt i8
- Innst. 512 S (2024–2025)Innstilling til Stortinget fra Stortingets presidentskap
- Innst. 488 S (2024–2025)Innstilling til Stortinget fra kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Innst. 158 S (2024–2025)Innstilling til Stortinget fra kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Innst. 41 S (2024–2025)Innstilling til Stortinget frå kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Innst. 41 L (2024–2025)Innstilling til Stortinget frå kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Lovvedtak 57 (2016–2017)Vedtak til lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskningsetikkloven)
- Innst. 192 L (2016–2017)Innstilling til Stortinget fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen
- Innst. 65 L (2016–2017)Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen
Koblinger for § 24 i offentleglova.