Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 25. Unntak for tilsetjingssaker, lønnsoppgåver m.m

Offentleglova·Kapittel 3. Unntak frå innsynsretten·Sist endret 1. januar 2021

Unntak for tilsetjingssaker, lønnsoppgåver m.m

Det kan gjerast unntak frå innsyn for dokument i sak om tilsetjing eller forfremjing i offentleg teneste. Unntaket i første ledd gjeld ikkje søkjarlister. Organet skal snarast etter at søknadsfristen er gått ut, setje opp ei søkjarliste som skal innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Det skal gå fram av søkjarlista kor mange søkjarar det har vore til stillinga, og kva kjønn dei har. Det kan gjerast unntak frå innsyn for skriftleg oppgåve over utrekna lønn eller liknande godtgjering, utrekningsgrunnlag for feriepengar og trekk som blir gjorde ved utbetalinga. Unntaket i første punktum omfattar ikkje opplysningar om bruttoutbetalingar. Innsyn i opplysningar om bruttoutbetalingar kan givast ved oppstilling av opplysningane i eit anna dokument.

Det kan nektast innsyn i dokument om tilsetjing og forfremjing i offentleg teneste, samt i lønnsoppgåver. Søkjarliste er likevel som hovudregel offentleg, men det kan gjerast unntak for enkelte søkjarar. Opplysningar om bruttoutbetalingar er offentlege.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 16 des 2011 nr. 62, 24 april 2020 nr. 31 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 24 april 2020 nr. 855).

omtalt i 4 kilderreferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i4
Endringshistorikk1

Koblinger for § 25 i offentleglova.

Les hele loven i sammenheng →