Forskrift
Nynorsk
§ 9-30. Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram
Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 på studieførebuande utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 2 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 3 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
a) På programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi skal elevane normalt trekkjast ut til to skriftlege eksamenar og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.
b) På utdanningsprogram for musikk, dans og drama skal elevane trekkjast ut til to eksamenar, og éin munnleg-praktisk eksamen innanfor sitt eige programområde.
c) På andre studieførebuande utdanningsprogram og programområde skal elevane trekkjast ut til tre eksamenar. Minst éin av desse skal vere i eit fag frå deira eige programområde.
Reglane bestemmer kor mange eksamenar elevar i studieførebuande utdanningsprogram skal ha på ulike trinn. På trinn 3 skal alle ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt i tillegg til andre eksamenar basert på programområde.AI
Sammenheng
Referert av3
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-30 i opplæringsforskrifta.