Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-31. Talet på eksamenar på yrkesfaglege utdanningsprogram

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering·Sist endret 2. april 2025

Talet på eksamenar på yrkesfaglege utdanningsprogram

På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag. På vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal alle elevar ha tverrfagleg eksamen i programfag. På programområde for studieførebuande naturbruk skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til to eksamenar. Éin av desse skal vere i eit felles programfag. På programområde for landbruk skal elevane, i tillegg til ein tverrfagleg eksamen, ha eksamen i eitt valfritt programfag. På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar: a) På påbygging til generell studiekompetanse som etter tilbodsstrukturen skal gjennomførast på vidaregåande trinn 3, skal elevane trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen. b) På påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 5-7, skal elevane trekkjast ut til to eksamenar.

Bestemmelsen fastsetter hvor mange eksamener elever på yrkesfag og påbygging til generell studiekompetanse skal ha. Noen elever trekkes ut til eksamen, mens andre må ha obligatoriske tverrfaglige eller skriftlige eksamener.AI

Endret 7. oktober 2025 · i kraft 29. september 2025
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.

Se ogsåOpplæringslova § 5-7referert av 3

Sammenheng

Se også1
Referert av3
Endringshistorikk2

Koblinger for § 9-31 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →