Forskrift
Nynorsk
§ 6-21. Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar og tidlegare elevar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
a) Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon.
b) Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
c) Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
d) Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.
Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-9, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak. Avgjerder om fritak er enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.
Elever kan få fritak fra karakter i sidemålet sitt dersom visse vilkår er oppfylt. Dette gjelder for eksempel ved dokumentert sykdom, manglende skolegang i Norge eller særskilt språkopplæring. Skolen avgjør søknaden, og vedtaket kan klages inn til Statsforvalteren.AI
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 6-21 i privatskoleforskrifta.