Forskrift
Nynorsk
§ 6-22. Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vidaregåande opplæring
Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vidaregåande opplæring
Ein elev eller tidlegare elev på studieførebuande utdanningsprogram har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk dersom eleven oppfyller desse vilkåra:
a) Eleven har dysleksi eller spesifikke språkvanskar, eller dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i faget.
b) Vanskane er av ein slik grad at individuell tilrettelegging ikkje er eller var tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter.
Dersom eleven har valt å avbryte opplæringa i framandspråk, må eleven i tillegg sannsynleggjere at han eller ho ikkje var i stand til å følgje faget.
Statsforvaltaren avgjer søknader om fritak.
Dersom eksamenskarakteren blir stroken etter § 6-18 tredje ledd, skal statsforvaltaren innvilge dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar i § 6-30 og § 6-31. Utdanningsdirektoratet er klageinstans ved vedtak etter denne paragrafen.
Elever i studieførebuende utdanningsprogram kan få fritak fra karakter i framandspråk hvis de har dysleksi eller lignende språkvansker. Dette gjelder når tilrettelegging ikke har vært nok til å sikre likeverdige muligheter.AI
Se ogsåPrivatskoleforskrifta § 6-18Privatskoleforskrifta § 6-30Privatskoleforskrifta § 6-31
Sammenheng
Koblinger for § 6-22 i privatskoleforskrifta.