Forskrift
Nynorsk
§ 6-31. Talet på eksamenar på yrkesfaglege utdanningsprogram
Talet på eksamenar på yrkesfaglege utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal alle elevar ha tverrfagleg eksamen i programfag.
På programområde for studieførebuande naturbruk skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til to eksamenar. Éin av desse skal vere i eit felles programfag.
På programområde for landbruk skal elevane, i tillegg til ein tverrfagleg eksamen, ha eksamen i eitt valfritt programfag.
På påbygging til generell studiekompetanse skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.
Regelen bestemmer kor mange eksamenar elevar på ulike utdanningsprogram i privat skule skal ha. Nokre elevar vert trekkte ut til eksamen, medan andre må ha faste eksamenar i bestemte fag.AI
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 6-31 i privatskoleforskrifta.