Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6-30. Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram

Privatskoleforskrifta·Kapittel 6. Individuell vurdering

Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram

På vidaregåande trinn 1 på studieførebuande utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag. På vidaregåande trinn 2 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar trekkjast ut til eksamen i eitt fag. På vidaregåande trinn 3 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar: a) På programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi skal elevane normalt trekkjast ut til to skriftlege eksamenar og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen. b) På utdanningsprogram for musikk, dans og drama skal elevane trekkjast ut til to eksamenar, og éin munnleg-praktisk eksamen innanfor sitt eige programområde. c) På andre studieførebuande utdanningsprogram og programområde skal elevane trekkjast ut til tre eksamenar. Minst éin av desse skal vere i eit fag frå deira eige programområde.

Reglene bestemmer hvor mange eksamener elever på studieførebuende utdanningsprogrammer skal ha på hvert trinn. Antall eksamener varierer basert på hvilket trinn eleven går på og hvilket programområde de følger.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 6-30 i privatskoleforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →