Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6. Forynging og stell av skog

Skogbrukslova·Kapittel 2. Skogbrukstiltak

Forynging og stell av skog

Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging. Nødvendige tiltak for å leggje til rette for forynging skal setjast i gang innan 3 år etter at hogsten er skjedd. Fristen for forynging kan utsettes til 5 år der det ut frå klimatiske og lokale forhold er forsvarleg. Dersom skogeigaren ikkje rettar seg etter dette, avgjer kommunen om skogeigaren skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga. Tiltaket må setjast i verk innan ein frist som maksimalt kan vere på 2 år. Blir ikkje tiltaka utførte innan fristen, skal kommunen sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren si rekning. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen kan krevjast dekt frå middel som er avsett i skogfondet. Kostnadene er tvangsgrunnlag for utlegg. Dersom kommunen finn det nødvendig for å hindre store negative effektar på miljøverdiane, under dette ureining av viktige vassførekomstar, kan kommunen nekte skogeigarar å plante i skoglause område, å skifte treslag, å grøfte, gjødsle eller bruke plantevernmiddel. Kommunen kan også setje vilkår i slike høve. Departementet kan fastsetje nærare forskrifter om forynging og stell av skog, under dette krav til tilfredsstillande forynging, skifte av treslag, bruk av utanlandske treslag, grøfting i skog, gjødsling av skog, bruk av plantevernmiddel i skog og frø- og planteforsyninga i skogbruket.

Skogeieren må sørge for ny skogvekst etter hogst, og tiltak skal vanligvis starte innen 3 år. Hvis dette ikke skjer, kan kommunen pålegge tiltak eller utføre arbeidet for skogeierens regning. Kommunen kan også nekte visse tiltak for å beskytte miljøet.AI

referert av 6

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Referert av6

Koblinger for § 6 i skogbrukslova.

Les hele loven i sammenheng →