Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7.

Valutalova·Sist endret 1. januar 2017
Alle er skyldige til å gjeva departementet eller Noregs Bank eller den som har fullmakt frå ein av desse, dei opplysningane som trengst til å gjennomføra føresegner gjevne i eller med heimel i denne lova, eller som trengst til kontrollen med at slik føresegn vert etterlevd. Det same gjeld om opplysning som trengst til å få oversyn over kor stor inntekt ein innlending har i utanlandsk valuta og kor mykje han ligg inne med av slik valuta og av innanlandske verdepapir og innanlandske krav lydande på utanlandsk mynt eller både det og norske pengar, likeins opplysning til å få oversyn over kor stor inntekt ein utlending har i innanlandsk og utanlandsk valuta eller ligg inne med av slik valuta her i landet. Til dette føremålet kan departementet og Noregs Bank krevja innsyn i registrerte rekneskapsopplysninger, rekneskapsmateriale, vedlegg, brevskifte, avtalar og andre dokument, som kan ha vekt, og kan granska dei sjølv eller lata oppnemnde sakkunnige gjera det. I samband med granskinga skal departementet og Noregs Bank få tilgjenge til kontor- og bedriftslokale og turvande hjelp og rettleiing. Klage etter §§ 14 og 15 i forvaltningslova har ikke utsetjande verknad med mindre underinstansen eller klageinstansen fastset det. Det nokon i tenesta etter denne lova får vita, av opplysningar som nemnt i fyrste og andre leden, skal han tegja med så langt det motsette ikkje fylgjer av gjeremålet hans etter lova. Tegjingsskyldnaden er ikkje til hinder for å gjeva opplysningar til Den sentrale enhet for etterforskning og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet (ØKOKRIM) når dette fylgjer av lov eller er turvande i etterforskinga av brotsleg verksemd. Teigjingsskyldnaden fritek ikkje frå å utveksle opplysningar (samordning) som forutsete i lov om Oppgaveregisteret. Departementet kan fastsetja at lovfest tegjingsskyldnad ikkje tek fri for å gjeva opplysning etter fyrste leden i denne paragrafen. Departementet avgjer om opplysningar innhenta ifylgje fyrste leden i denne paragrafen skal meddelast offentlege styresmakter som har med fastsetjinga av skatt, tolloppgåver og tilsyn med finansinstitusjonar å gjera. Noregs Bank kan ileggja den som ikkje gjev pliktige opplysningar etter fyrste leden tvangsmulkt til staten. Tvangsmulkta kan ileggjast i form av eingongsmulkt eller løpande mulkt, og skal fastsetjast under omsyn til kor viktig det er at opplysningane vert gjevne og tilhøva elles. Slik tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. Skuldig tvangsmulkt kan i særlege høve ettergjevast heilt eller delvis. Departementet kan gjeva nærare føresegner om fastsetjing og utrekning av tvangsmulkt.
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 6 juli 1957 nr. 15, 21 apr 1978 nr. 14, 21 des 1990 nr. 61, 11 juni 1993 nr. 83, 7 juni 1996 nr. 30 (ikr. 1 jan 1997), 6 juni 1997 nr. 35 (ikr. 1 nov 1997), 17 juli 1998 nr. 56 (ikr. 1 jan 1999), 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531).

Se ogsåForvaltningsloven § 14Forvaltningsloven § 15referert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1

Koblinger for § 7 i valutalova.

Les hele loven i sammenheng →