I denne lova tyder:
I) Innlending: Staten, norsk kommune, person som bur her i landet eller vanleg held til her, dertil selskap, korporasjon, stifting og alleslags andre institusjonar som har sæte her i landet. Kjem det opp tvil om ein person eller institusjon skal reknast for innlending eller utlending, avgjer departementet spørsmålet.
II) Utlending: Person eller institusjon som ikkje er innlending etter det som er sagt ovanfor.
III) Valuta: Betalingsmiddel, verdepapir og krav.
IV) Innanlandsk betalingsmiddel: a) Norske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i norske pengar (setlar og mynt). b) Gull, sylv, platina og legering som inneheld noko som er noko av slike metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er her i landet.
V) Utanlandsk betalingsmiddel: a) Utanlandske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i utanlandske pengar (setlar og mynt). b) Gull, sylv, platina og legering som inneheld ein stor part av slike metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er i utlandet.
VI) Innanlandsk verdepapir: Aksje, partbrev, obligasjon, omsetnings-skuldbrev, kupong, utbyteprov, livstrygdebrev og dokument som gjev nokon krav på slike papir, t.d. interimskvittering, sertifikat og anna slikt – når ein innlending har gjeve ut papiret.
VII) Utanlandsk verdepapir: Papir som er nemnt under VI, når ein utlending har gjeve ut papiret.
VIII) Innanlandsk krav: Krav på at ein innlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.
IX) Utanlandsk krav: Krav på at ein utlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.
Bestemmelsen definerer hvem som regnes som innlendinger og utlendinger, samt hva som menes med valuta, betalingsmidler, verdipapirer og krav i lovens forstand.AI
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 8 i valutalova.