Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Finansdepartementet

Lov om valutaregulering

Valutalova

lov/1950-07-14-10·4 paragrafer·Sist endret 1. januar 2017·Utforsk grafen
Sist endret ved lov/2016-05-27-14 fra 2017-01-01
Departementet kan gjeva føresegner om utførsle og innførsle av innanlandsk og utanlandsk betalingsmiddel og verdepapir og av innskotsbok i bank eller liknande institusjon.

Departementet kan lage regler for hva man har lov til å ta med seg ut av landet eller inn i landet når det gjelder penger, verdipapirer og bankinnskudd.AI

referert av 1

Alle er skyldige til å gjeva departementet eller Noregs Bank eller den som har fullmakt frå ein av desse, dei opplysningane som trengst til å gjennomføra føresegner gjevne i eller med heimel i denne lova, eller som trengst til kontrollen med at slik føresegn vert etterlevd. Det same gjeld om opplysning som trengst til å få oversyn over kor stor inntekt ein innlending har i utanlandsk valuta og kor mykje han ligg inne med av slik valuta og av innanlandske verdepapir og innanlandske krav lydande på utanlandsk mynt eller både det og norske pengar, likeins opplysning til å få oversyn over kor stor inntekt ein utlending har i innanlandsk og utanlandsk valuta eller ligg inne med av slik valuta her i landet. Til dette føremålet kan departementet og Noregs Bank krevja innsyn i registrerte rekneskapsopplysninger, rekneskapsmateriale, vedlegg, brevskifte, avtalar og andre dokument, som kan ha vekt, og kan granska dei sjølv eller lata oppnemnde sakkunnige gjera det. I samband med granskinga skal departementet og Noregs Bank få tilgjenge til kontor- og bedriftslokale og turvande hjelp og rettleiing. Klage etter §§ 14 og 15 i forvaltningslova har ikke utsetjande verknad med mindre underinstansen eller klageinstansen fastset det. Det nokon i tenesta etter denne lova får vita, av opplysningar som nemnt i fyrste og andre leden, skal han tegja med så langt det motsette ikkje fylgjer av gjeremålet hans etter lova. Tegjingsskyldnaden er ikkje til hinder for å gjeva opplysningar til Den sentrale enhet for etterforskning og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet (ØKOKRIM) når dette fylgjer av lov eller er turvande i etterforskinga av brotsleg verksemd. Teigjingsskyldnaden fritek ikkje frå å utveksle opplysningar (samordning) som forutsete i lov om Oppgaveregisteret. Departementet kan fastsetja at lovfest tegjingsskyldnad ikkje tek fri for å gjeva opplysning etter fyrste leden i denne paragrafen. Departementet avgjer om opplysningar innhenta ifylgje fyrste leden i denne paragrafen skal meddelast offentlege styresmakter som har med fastsetjinga av skatt, tolloppgåver og tilsyn med finansinstitusjonar å gjera. Noregs Bank kan ileggja den som ikkje gjev pliktige opplysningar etter fyrste leden tvangsmulkt til staten. Tvangsmulkta kan ileggjast i form av eingongsmulkt eller løpande mulkt, og skal fastsetjast under omsyn til kor viktig det er at opplysningane vert gjevne og tilhøva elles. Slik tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. Skuldig tvangsmulkt kan i særlege høve ettergjevast heilt eller delvis. Departementet kan gjeva nærare føresegner om fastsetjing og utrekning av tvangsmulkt.
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 6 juli 1957 nr. 15, 21 apr 1978 nr. 14, 21 des 1990 nr. 61, 11 juni 1993 nr. 83, 7 juni 1996 nr. 30 (ikr. 1 jan 1997), 6 juni 1997 nr. 35 (ikr. 1 nov 1997), 17 juli 1998 nr. 56 (ikr. 1 jan 1999), 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531).

Se ogsåForvaltningsloven § 14Forvaltningsloven § 15referert av 1

I denne lova tyder: I) Innlending: Staten, norsk kommune, person som bur her i landet eller vanleg held til her, dertil selskap, korporasjon, stifting og alleslags andre institusjonar som har sæte her i landet. Kjem det opp tvil om ein person eller institusjon skal reknast for innlending eller utlending, avgjer departementet spørsmålet. II) Utlending: Person eller institusjon som ikkje er innlending etter det som er sagt ovanfor. III) Valuta: Betalingsmiddel, verdepapir og krav. IV) Innanlandsk betalingsmiddel: a) Norske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i norske pengar (setlar og mynt). b) Gull, sylv, platina og legering som inneheld noko som er noko av slike metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er her i landet. V) Utanlandsk betalingsmiddel: a) Utanlandske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i utanlandske pengar (setlar og mynt). b) Gull, sylv, platina og legering som inneheld ein stor part av slike metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er i utlandet. VI) Innanlandsk verdepapir: Aksje, partbrev, obligasjon, omsetnings-skuldbrev, kupong, utbyteprov, livstrygdebrev og dokument som gjev nokon krav på slike papir, t.d. interimskvittering, sertifikat og anna slikt – når ein innlending har gjeve ut papiret. VII) Utanlandsk verdepapir: Papir som er nemnt under VI, når ein utlending har gjeve ut papiret. VIII) Innanlandsk krav: Krav på at ein innlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII. IX) Utanlandsk krav: Krav på at ein utlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.

Bestemmelsen definerer hvem som regnes som innlendinger og utlendinger, samt hva som menes med valuta, betalingsmidler, verdipapirer og krav i lovens forstand.AI

referert av 1

Bryt nokon med vilje eller av aktløyse føresegn gjeve i eller med heimel i denne lova, eller let han vera å retta seg etter pålegg gjeve med heimel i slik føresegn, vert han straffa med bot eller med fengsel opptil 2 år eller med båe slags straff. Reglane i denne paragrafen gjeld og for gjerning som innlending gjer i utlandet.

Det er straffbart å bevisst eller uaktsomt bryte reglene i valutaloven, eller å ignorere pålegg gitt etter loven. Straffen kan være bot, fengsel i inntil 2 år, eller begge deler. Reglene gjelder også for norske borgere som gjør dette i utlandet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 22 mai 1953 nr. 3, 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Kan det være regler for å ta med seg penger ut av landet?

Departementet kan lage regler for hva man har lov til å ta med seg ut av landet eller inn i landet når det gjelder penger, verdipapirer og bankinnskudd.

Åpne § 4
Hvem regnes som innlending?

Bestemmelsen definerer hvem som regnes som innlendinger og utlendinger, samt hva som menes med valuta, betalingsmidler, verdipapirer og krav i lovens forstand.

Åpne § 8
Hva skjer om man bryter valutalovens regler med vilje?

Det er straffbart å bevisst eller uaktsomt bryte reglene i valutaloven, eller å ignorere pålegg gitt etter loven. Straffen kan være bot, fengsel i inntil 2 år, eller begge deler. Reglene gjelder også for norske borgere som gjør dette i utlandet.

Åpne § 10

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2003

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

3 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Valutalova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.