Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Justis- og beredskapsdepartementet

Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m.

Bustadoppføringslova

lov/1997-06-13-43·69 paragrafer·Sist endret 1. januar 2021·Utforsk grafen
I kraft 1998-07-01Sist endret ved lov/2020-06-23-98 fra 2021-01-01
Innhold69 paragrafer

Kapittel I. Verkeområde m.m.

Verkeområde

Lova gjeld avtalar mellom entreprenør og ein forbrukar om oppføring av ny eigarbustad. Dette omfattar a) avtale om oppføring av bygning til bustadføremål og avtale om arbeid som vert utført direkte som ledd i slik oppføring, og b) avtale om rett til fast eigedom med ny eigarbustad når arbeid som entreprenøren står for, enno ikkje er fullført på avtaletida. Likt med dette skal reknast avtale om vidaresal av slik rett. Kapittel IX gjeld avtalar mellom ein konsulent og ein forbrukar om planlegging av oppføring av bygning til bustadføremål eller planlegging av arbeid som vert utført direkte som ledd i slik oppføring. Oppføring av ny eigarbustad omfattar her i lova òg oppføring av fritidshus. Eigarseksjon vert rekna som eigarbustad. Full ombygging skal reknast likt med oppføring.

Lova gjeld avtalar mellom ein entreprenør og ein forbrukar om å byggje ny eigarbustad. Dette inkluderer også fritidshus, eigarseksjonar og full ombygging. Lova omfattar også planlegging av slike bustadprosjekt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 21 juni 2002 nr. 34 (ikr. 1 juli 2002), 10 des 2010 nr. 74 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 10 des 2010 nr. 1570, med verknad for avtalar om videresal inngått etter 1 juli 2011).

omtalt i 3 kilderreferert av 12

Burettslagbustader

Reglane om rett til fast eigedom med eigarbustad, jf. § 1 første ledd bokstav b, gjeld tilsvarande for avtale mellom forbrukar og bustadbyggjelag eller annan yrkesutøvar om rett til bustad som er knytt til eller skal knytast til andel i burettslag, dersom arbeid som er omfatta av avtalen, ikkje er fullført på avtaletida. Overføring eller teikning av andel i burettslaget skal reknast som heimelsoverføring dersom burettslaget har heimel til eigedommen. Avtalen skal opplyse om kontantvederlag, andel fellesgjeld i burettslaget og den samla summen av desse beløpa. Burettslaget kan gjere gjeldande krav som knyter seg til fellesareal eller felles rettar eller plikter elles.

Reglene for oppføring av eierbolig gjelder også for boliger i borettslag når arbeidet ikke er ferdig til avtalt tid. Avtalen skal vise kontantbetaling, fellesgjeld og totalsummen av disse. Borettslaget kan fremsette krav om fellesarealer og felles plikter.AI

Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 6 juni 2003 nr. 39 (ikr. 15 aug 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 603), endra med lov 3 sep 2010 nr. 54 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1238).

Se ogsåBustadoppføringslova § 1omtalt i 2 kilderreferert av 4

Eigarseksjonssameige

Styret i eit eigarseksjonssameige kan gjere gjeldande krav som knyter seg til fellesareal etter reglane i eierseksjonsloven § 60 første ledd tredje punktum.

Styret i et eierseksjonssameie kan fremme krav som gjelder fellesarealer etter reglene i eierseksjonsloven.AI

Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 16 juni 2017 nr. 65 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 15 sep 2017 nr. 1393).

Se ogsåEierseksjonsloven § 60

Partane

Som forbrukar vert rekna ein fysisk person som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd. Lova gjeld berre dersom entreprenøren har gjort avtalen som ledd i næringsverksemd, medrekna tilfelle der organisasjonar eller offentleg verksemd mot godtgjersle står for yting som er ledd i oppføring av ny eigarbustad.

Loven gjelder når en privatperson kjøper en ny bolig fra en utbygger som driver med dette som næring. Det betyr at både kjøperen må være en forbruker og selgeren må drive kommersiell virksomhet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 21 juni 2002 nr. 34 (ikr. 1 juli 2002).

referert av 1

Avtalen

Det kan ikkje avtalast eller gjerast gjeldande vilkår som er dårlegare for forbrukaren enn det som følgjer av føresegnene i lova her. Partane kan krevje at avtalen vert sett opp skriftleg.

Loven sikrer at forbrukere ikke kan få dårligere vilkår i en avtale enn det loven bestemmer. Partene kan kreve at avtalen skrives ned skriftlig.AI

omtalt i 1 kilde

Tilhøvet til anna lovgjeving

Føresegnene i lova her gjeld berre så langt ikkje anna følgjer av lov av 13. mai 1988 nr. 27 om kjøp. For avtale om rett til fast eigedom som ikkje er omfatta av § 1 første ledd bokstav b, gjeld lov av 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom eller lov av 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste om ikkje anna går fram av lova her.

Bestemmelsen forklarer når bustadoppføringslova gjeld i forhold til andre lover. Han seier at kjøpslova kan gå føre, og at avhendingslova eller tomtefestelova gjeld for visse avtalar om fast eigedom.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 1

Vågnaden for sending av melding

Dersom ein part gjev melding i samsvar med lova og sender ho på forsvarleg måte, og ikkje anna framgår, kan sendaren gjere gjeldande at meldinga er gjeven i tide sjølv om ho vert forseinka eller på annan måte ikkje kjem fram slik ho skulle.

Hvis en melding er sendt på en forsvarlig måte, regnes den som gitt i tide selv om den blir forsinket eller ikke kommer frem som forventet.AI

Skadebotansvar

Føresegnene om skadebotansvar for entreprenøren og konsulenten gjeld ikkje for tap som følgje av personskade eller for tap i næring. For slikt tap og for tap som ikkje er følgje av avtalebrot, gjeld allmenne skadebotreglar. Ein entreprenør kan ikkje fråskrive seg ansvar for tap utanfor næring som forbrukaren lir på grunn av tingskade.

Reglene om erstatningsansvar for entreprenører og konsulenter gjelder ikke ved personskader eller økonomisk tap i næring. For slike tilfeller, eller tap som ikke skyldes kontraktsbrudd, gjelder generelle erstatningsregler. Entreprenører kan ikke avtale seg bort fra ansvar for tingskader som rammer forbrukere.AI

Bruk av elektronisk kommunikasjon

Krav i lova her om at avtale eller melding mv. skal vere skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon om forbrukaren uttrykkeleg har godtatt dette.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 21 des 2001 nr. 117 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 21 des 2001 nr. 1475).

Kapittel II. Ytinga frå entreprenøren

Utføring og materialar

Entreprenøren skal utføre arbeidet på fagleg godt vis og elles vareta forbrukarens interesser og omsynet til miljøet med tilbørleg omsut. Så langt tilhøva gjev grunn til det, skal entreprenøren samrå seg med eller rettleie forbrukaren. Entreprenøren skal halde dei materialane som trengst, om ikkje anna går fram av avtalen eller tilhøva. Materialane skal ha vanleg god kvalitet med mindre annan kvalitet er avtalt.

Entreprenøren skal utføre arbeidet fagmessig, ta hensyn til miljøet og ivareta forbrukerens interesser. Entreprenøren skal normalt skaffe materialer av vanlig god kvalitet, med mindre noe annet er avtalt.AI

referert av 1

Plikt til fråråding

Må entreprenøren ut frå sin fagkunnskap sjå at forbrukaren ikkje er tent med å få arbeidet utført etter avtalen, skal entreprenøren seie frå om det. Arbeidet skal stansast til entreprenøren får samrådd seg med forbrukaren, dersom det må reknast å gagne forbrukaren. Har entreprenøren ikkje sagt frå til forbrukaren eller ikkje stansa arbeidet i samsvar med første ledd, skal entreprenørens krav på vederlag ikkje vere større enn det sannsynleg ville ha vore dersom entreprenøren hadde oppfylt plikta etter første ledd. Entreprenøren kan likevel få dekt kostnader ut over dette så langt det er rimeleg, når berre det samla vederlaget ikkje blir større enn verdien det utførte har for forbrukaren.

Håndverkeren plikter å si fra hvis arbeidet ikke er lønnsomt for kunden. Arbeidet skal stoppes for samtale dersom dette er til kundenes fordel. Hvis denne plikten ignoreres, kan håndverkerens betaling bli redusert.AI

Endringar og tilleggsarbeid

Forbrukaren kan krevje endringar i arbeidet og påleggje entreprenøren å utføre tilleggsarbeid som står i samanheng med den ytinga som er avtalt, og som ikkje i omfang eller karakter skil seg vesentleg frå denne ytinga. Forbrukaren kan likevel ikkje krevje endringar eller tilleggsarbeid dersom dette ville føre til ulemper for entreprenøren som ikkje står i høve til forbrukarens interesse i å krevje endringa eller tilleggsarbeidet. Det kan avtalast på førehand at forbrukaren ikkje kan krevje endringar eller tilleggsarbeid som vil endre vederlaget med 15 prosent eller meir. Entreprenøren kan krevje at tinging på endringar eller tilleggsarbeid blir gjord skriftleg. Føresegner om vederlaget i samband med endringar eller tilleggsarbeid står i § 42.

Kunden kan be om endringer eller ekstraarbeid som henger sammen med det som er avtalt, så lenge det ikke er vesentlig forskjellig fra oppdraget. Dette gjelder ikke hvis det påfører utføreren uforholdsmessige ulemper.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 42referert av 1

Tida for utføring

Entreprenøren skal overhalde fristar som er avtalte for overtaking, for fullføring av arbeidet eller delar av det og for heimelsoverføring. Entreprenøren skal i samråd med forbrukaren leggje opp framdrifta av arbeidet slik at det blir teke rimeleg omsyn til medverknad frå forbrukaren og til andre oppgåver som skal utførast i tilknyting til arbeidet. Er det ikkje avtalt fristar som nemnde i første ledd, skal entreprenøren ta til med arbeidet snarast råd etter at forbrukaren har sagt frå om det. Arbeidet skal deretter utførast med rimeleg framdrift og utan unødig avbrot.

Entreprenøren må halde avtalte fristar for overtaking og fullføring av arbeidet. Framdrifta skal planleggast saman med forbrukaren. Viss ingen fristar er avtalte, skal arbeidet starte raskt og gå framover utan unødig opphald.AI

referert av 2

Tilleggsfrist

Entreprenøren kan krevje lenging av avtalte fristar dersom a) forbrukaren krev endringar eller tilleggsarbeid som seinkar arbeidet, b) arbeidet blir seinka fordi forbrukaren eller nokon som forbrukaren svarer for, ikkje medverkar i samsvar med avtalen, eller arbeidet blir seinka på grunn av andre omstende som forbrukaren svarer for, eller c) arbeidet blir seinka på grunn av ei hindring utanfor entreprenørens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at entreprenøren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at entreprenøren skal unngå eller overvinne følgjene av hindringa. Blir arbeidet seinka på grunn av ein underentreprenør som etter avtale med entreprenøren skal utføre arbeidet eller delar av det, har entreprenøren krav på tilleggsfrist dersom underentreprenøren ville ha hatt krav på tilleggsfrist etter første ledd. Fristlenginga etter første ledd skal svare til den seinkinga som dei nemnde omstenda har medført, med tillegg for nødvendig avbrot i arbeidet, og med tillegg eller frådrag for ulemper eller føremoner entreprenøren har hatt av at arbeidet må utskuvast til ei anna årstid. Entreprenøren har berre krav på fristlenging etter første ledd dersom melding om kravet er gjeve forbrukaren utan ugrunna opphald etter at entreprenøren vart merksam på det omstendet som gjev krav på lenging.

Håndverkeren kan få utsett frist hvis kunden krever endringer, ikke samarbeider, eller hvis det oppstår uforutsette hindringer utenfor håndverkerens kontroll. Dette gjelder også ved forsinkelser fra underentreprenører. Krav om mer tid må meldes til kunden raskt.AI

referert av 3

Garanti for oppfylling av avtalen

Entreprenøren skal stille garanti for oppfyllinga av avtalen. Ei slik plikt gjeld likevel ikkje dersom ein på avtaletida kan rekne med at vederlaget ikkje vil overstige to gonger grunnsummen i folketrygda. Entreprenøren skal stille garantien straks etter avtaleinngåinga. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkelig at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort. Det same gjeld ved atterhald med tilsvarande verknad frå forbrukaren si side. Entreprenøren skal i alle høve stille garantien før byggjearbeida tek til. Garantien skal gjelde fram til fem år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til ti prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande på eit seinare tidspunkt enn i samband med overtakinga, kan garantisummen likevel vere fem prosent av vederlaget. For avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), skal garantien gjelde fram til fem år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til fem prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande før overtakinga, kan garantisummen likevel vere tre prosent av vederlaget. Dessutan gjeld § 47 andre og tredje ledd om garanti for forskotsbetaling. Ved avtalar om rett til bustad som er knytt til eller skal knytast til andel i burettslag, jf. § 1 a, skal garantisummen i andre og tredje ledd reknast på grunnlag av den samla summen av kontantvederlag og andel fellesgjeld i burettslaget. Garantisten kan ikkje ta atterhald om avgrensing av ansvaret på grunn av manglande premiebetaling eller anna mishald frå entreprenørens side. Det kan ikkje setjast frist for melding til garantisten om krav som er gjorde gjeldande i tide overfor entreprenøren. Har forbrukaren svart på førespurnad frå garantisten om kva krav som er gjorde gjeldande innan fristane, gjeld ansvaret berre krav som er nemnde i svaret frå forbrukaren. Garantien kan også gjerast gjeldande av forbrukaren sine rettsetterfølgjarar. Garantisten kan ikkje ta atterhald som avgrensar denne retten. Garanti skal gjevast i form av sjølvskuldgaranti eller tilsvarande frå eit finansføretak som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. Likt med garanti skal reknast deponering av pengesum i finansføretak som nemnt i første punktum på tilsvarande vilkår. Til det er dokumentert at det ligg føre garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag.
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 des 2010 nr. 74 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 10 des 2010 nr. 1570, med verknad for garantiavtalar inngått etter 1 juli 2011), 16 des 2016 nr. 94 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1585), 15 mai 2018 nr. 18 (ikr. 1 jan 2019 iflg. res. 15 mai 2018 nr. 723).

Se ogsåBustadoppføringslova § 47Bustadoppføringslova § 1aBustadoppføringslova § 1referert av 3

Særskilte krav til entreprenørens yting ved visse avtalar

Dei krava til entreprenørens yting som følgjer av paragrafen her, gjeld for avtalar om rett til fast eigedom med ny eigarbustad (§ 1 første ledd bokstav b), og elles når entreprenøren står for det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden. Dersom eigedomsdelar eller faste innretningar som trengst for å ta bustaden i vanleg bruk, ikkje høyrer med til det entreprenøren skal yte, skal desse delane eller innretningane nemnast særskilt i avtaledokumentet eller i eit vedlegg. Er ikkje det gjort, skal slike delar og innretningar reknast å høyre med til det entreprenøren skal yte, med unntak for delar og innretningar som forbrukaren måtte skjøne ikkje høyrde med. Er ikkje anna avtalt, skal entreprenøren syte for tilkomst til byggjeplassen, for opplagsplass, byggjestraum, oppvarming og snørydding i byggjetida, fjerning av restar og avfall og for liknande tiltak som trengst for fullføringa av arbeidet. Er ikkje anna avtalt, skal entreprenøren halde arbeid på forbrukarens eigedom trygda fram til overtakinga. Trygdeavtalen skal òg omfatte materialar som er tilførte eigedomen. Forbrukarens rettar som medtrygda etter lov av 16. juni 1989 nr. 69 om forsikringsavtaler § 7-1 andre ledd kan ikkje fråvikast i trygdeavtalen. Til det er dokumentert at det ligg føre trygd i samsvar med føresegnene her, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag.

Reglane gjeld når entreprenøren har hovudansvar for planlegging og bygging. Ting som trengst for å bruke bustaden er inkludert med mindre anna er avtalt. Entreprenøren skal som regel stå for praktiske tiltak på byggjeplassen og forsikring fram til overtaking.AI

Se ogsåForsikringsavtaleloven § 7-1Bustadoppføringslova § 1referert av 1

Overtaking

Overtaking skjer ved overtakingsforretning. Er arbeidet fullført, og forbrukaren har flytta inn i bustaden, er ytinga overteke sjølv om det ikkje er halde overtakingsforretning. Ved overtakinga a) går vågnaden for ytinga over frå entreprenøren til forbrukaren, jf. § 45, b) tek reklamasjonsfristane til, jf. § 30, c) stansar eventuell dagmulkt, jf. § 18, d) får entreprenøren krav på sluttoppgjer, jf. § 46.

Overtakelse skjer vanligvis gjennom en formell gjennomgang. Hvis arbeidet er ferdig og forbrukeren har flyttet inn, regnes boligen som overteket selv om denne gjennomgangen ikke er holdt.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 45Bustadoppføringslova § 30Bustadoppføringslova § 18Bustadoppføringslova § 46referert av 1

Overtakingsforretning

Etter at entreprenøren har meldt frå til forbrukaren om når arbeidet blir fullført, kan kvar av partane med minst sju dagars varsel kalle inn til overtakingsforretning med synfaring av entreprenørens yting. Let den eine parten vere å møte til overtakingsforretning utan gyldig grunn, kan den andre parten gjennomføre overtakingsforretning åleine. Er det forbrukaren som uteblir etter innkalling frå entreprenøren, gjeld dette likevel berre dersom det i skriftleg innkalling er gjort merksam på a) føresegna i første punktum i leddet her, b) føresegnene i § 30 andre ledd om at manglar som forbrukaren burde ha oppdaga ved overtakingsforretninga, må gjerast gjeldande så snart råd er, og c) at overtaking har dei verknader som elles er nemnde i § 14 tredje ledd. Forbrukaren kan nekte å overta ytinga dersom det ligg føre mangel som gjev rimeleg grunn til nektinga. Ved overtakingsforretninga bør det førast protokoll som begge partane får eit underskrive eksemplar av.

Når arbeidet er ferdig, kan partene kalle inn til en befaring for å overta boligen. Hvis man uteblir uten gyldig grunn, kan den andre parten gjennomføre dette alene. Forbrukeren kan nekte å overta boligen dersom det er mangler som gir grunn til dette.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 30Bustadoppføringslova § 14

Seinare synfaring

Kvar av partane kan krevje at det blir halde ei synfaring av entreprenørens yting når det er gått om lag eitt år etter overtakinga. Vert synfaring etter krav frå entreprenøren ikkje gjennomført fordi forbrukaren let vere å medverke, gjeld føresegnene i § 30 tredje ledd likevel, dersom forbrukaren i skriftleg melding på førehand er gjort særskilt merksam på dette.

Begge parter kan be om en befaring av boligen omtrent ett år etter at den ble overtatt. Hvis forbrukeren ikke samarbeider om en befaring som entreprenøren har bedt om, kan visse regler likevel gjelde dersom forbrukeren fikk skriftlig varsel om dette.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 30referert av 2

Kapittel III. Forseinking på entreprenørens side

Forseinking

Ytinga er forseinka dersom overtaking ikkje kan skje til den tida forbrukaren har rett til å krevje etter §§ 10 og 11. Det same gjeld dersom arbeidet eller delar av arbeidet ikkje er fullført eller heimelsoverføring ikkje skjer til dei tidene forbrukaren har rett til å krevje. Er ytinga forseinka, kan forbrukaren a) krevje dagmulkt etter § 18, b) heve avtalen etter § 20, c) krevje skadebot etter § 19 eller § 22, d) halde attende vederlag etter § 24. Dersom entreprenøren ikkje i tide oppfyller andre plikter etter avtalen, gjeld føresegnene om forseinking tilsvarande så langt dei høver, likevel ikkje føresegnene om dagmulkt.

Det foreligger forsinkelse dersom boligen ikke kan overtas, eller arbeidet ikke er ferdigstilt til avtalt tid. Ved forsinkelse kan forbrukeren kreve dagmulkt, heve avtalen, kreve erstatning eller holde tilbake betaling.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 10Bustadoppføringslova § 11Bustadoppføringslova § 18Bustadoppføringslova § 20

Dagmulkt

Dersom overtaking ikkje kan skje til den tida forbrukaren har rett til å krevje etter §§ 10 og 11, kan forbrukaren krevje dagmulkt for kvar dag forseinkinga varer. Dersom ikkje høgare mulkt er avtalt, skal dagmulkta vere 1 promille av det samla vederlaget entreprenøren skal ha. Omfattar avtalen eigedomsrett til grunnen, skal lågaste sats likevel vere 0,75 promille. Dagmulkta skal ikkje i noko tilfelle vere mindre enn ein halv prosent av grunnsummen i folketrygda på det tidspunktet forseinkinga oppstod. Dagmulkt kan ikkje krevjast for meir enn 100 dagar. Forbrukaren kan krevje dagmulkt utan omsyn til økonomisk tap.

Hvis boligen ikke er klar til avtalt tid, kan kjøperen kreve dagmulkt for hver dag det er forsinket. Dette kan gjøres selv om kjøperen ikke har hatt et økonomisk tap.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 10Bustadoppføringslova § 11referert av 2

Skadebot

Forbrukaren kan berre krevje skadebot for tap som overstig dagmulkta, dersom tapet kjem av at entreprenøren eller nokon som entreprenøren svarer for, har fare fram grovt aktlaust eller i strid med heider og god tru elles. I tidsrom når det ikkje vert rekna dagmulkt, kan forbrukaren krevje skadebot a) for tap som følgjer av at arbeidet eller delar av arbeidet ikkje er fullført til den tida forbrukaren kan krevje, b) for tap som følgjer av at heimelsoverføring ikkje skjer til den tida forbrukaren kan krevje. Skadebota skal dekkje økonomisk tap så langt entreprenøren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av forseinkinga. Forsømer forbrukaren å avgrense tapet gjennom rimelege tiltak, blir skadebota sett ned tilsvarande. For skadebot i hevingstilfella gjeld § 22.

Forbrukaren kan krevje skadebot for økonomisk tap ved forseinking. Viss det vert rekna dagmulkt, må tapet overstige dette og skuldast grov aktløyse eller brot på heider og god tru for at skadebot kan krevjast.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 22referert av 1

Heving

Forbrukaren kan heve avtalen dersom forseinkinga inneber eit vesentleg avtalebrot. Forbrukaren kan òg heve avtalen dersom det er klårt at det kjem til å oppstå forseinking som nemnd i første punktum. Forbrukaren kan berre heve avtalen dersom det er gjeve melding til entreprenøren om hevingskravet før overtaking. Vert avtalen med entreprenøren heva fordi entreprenørens yting er forseinka, kan forbrukaren òg heve avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren dersom a) planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og b) avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden. I slike tilfelle kan forbrukaren jamvel heve avtalen med entreprenøren dersom avtalen om rett til grunnen blir heva på grunn av forseinking. Blir begge avtalane heva, skal hevingsoppgjeret skje etter § 21 tredje ledd.

En forbruker kan heve avtalen dersom det foreligger et vesentlig avtalebrudd på grunn av forsinkelse, eller hvis det er klart at en slik forsinkelse vil oppstå. Heving krever at melding gis til entreprenøren før overtakelse. Under visse vilkår kan også avtalen om rett til grunnen heves.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 21referert av 1

Verknadene av heving

Vert avtalen heva, har entreprenøren krav på vederlag for det som er utført i samsvar med avtalen. Vederlaget skal fastsetjast på grunnlag av dei prisane som er avtalt, eller dersom dette ikkje let seg gjere, etter føresegnene i § 41 andre ledd. Etter heving skal entreprenøren i rimeleg omfang sikre utført arbeid og materialar og utstyr som finst på byggjeplassen. Forbrukaren har rett til å gjere seg nytte av utstyr og materialar som finst på byggjeplassen, og som trengst til fullføringa av arbeidet. For den bruken skal det betalast eit rimeleg vederlag. Ved avtalar om rett til fast eigedom med ny eigarbustad (§ 1 første ledd bokstav b), kan forbrukaren krevje at hevingsoppgjeret, i staden for etter første og andre ledd, skal skje ved at kvar parts plikt til å oppfylle fell bort. Er avtalen heilt eller delvis oppfylt, har kvar part krav på å få att det som er ytt. Entreprenøren kan krevje vederlag for verdireduksjon som forbrukaren svarer for. Ein part kan likevel halde attende det som er motteke, til den andre parten gjev frå seg det mottekne. Det same gjeld når parten har krav på skadebot eller rente, og det ikkje blir gjeve fullgod trygd for kravet. Fører hevinga til at ein bustad som er teken over, skal tilbakeførast til entreprenøren, skal forbrukaren føre slikt forsvarleg tilsyn med bustaden som er rimeleg etter tilhøva. Forbrukaren kan krevje dekt nødvendige kostnader med tilsynet.

Viss avtalen blir heva, har entreprenøren krav på betaling for arbeid som er gjort etter avtalen. Forbrukaren kan bruke utstyr og materialar på byggjeplassen mot betaling. Ved enkelte eigedomskjøp kan partane i staden krevje at alt som er ytt skal leverast tilbake.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 41Bustadoppføringslova § 1referert av 3

Skadebot ved heving

Ved heving kan forbrukaren krevje dekt nødvendige meirkostnader som følgjer av at andre må fullføre arbeidet. I tillegg kan forbrukaren krevje bøtt anna økonomisk tap som forseinkinga fører til, så langt entreprenøren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av forseinkinga. Forsømer forbrukaren å avgrense tapet gjennom rimelege tiltak, blir skadebota sett ned tilsvarande. Forbrukaren kan ikkje krevje dagmulkt for tida etter hevinga, og pådregen dagmulkt går til frådrag i skadebot etter første ledd andre punktum.

Hvis en boligkjøper hever avtalen på grunn av forsinkelser, kan kjøperen få dekket ekstra kostnader ved å bruke andre til å fullføre arbeidet. Man kan også få erstatning for annet økonomisk tap som entreprenøren kunne forutse, men beløpet reduseres hvis man ikke har forsøkt å begrense tapet.AI

referert av 2

Lemping av ansvar

Dagmulkt eller skadebot kan setjast ned dersom det vil verke urimeleg for entreprenøren ut frå omfanget av arbeidet, storleiken av tapet og tilhøva elles.

Beløp for dagmulkt eller erstatning kan reduseres dersom det vil være urimelig for utbyggeren. Vurderingen gjøres basert på arbeidets omfang, størrelsen på tapet og andre relevante forhold.AI

Forbrukarens rett til å halde attende vederlag

Har forbrukaren krav som følgje av forseinkinga, kan forbrukaren halde tilbake så mykje av vederlaget som er nødvendig for å sikre at kravet vert dekt.

Hvis en boligbygger er forsinket, kan kjøperen holde tilbake penger fra betalingen. Beløpet som holdes tilbake skal være nok til å dekke kravene kjøperen har som følge av forsinkelsen.AI

referert av 1

Kapittel IV. Manglar ved entreprenørens yting

Mangel

Det ligg føre mangel dersom resultatet ikkje er i samsvar med dei krava som følgjer av avtalen eller av føresegnene i §§ 7, 9 og 13. Mangel ligg likevel ikkje føre dersom avviket kjem av forhold på forbrukarens side. Mangel ligg òg føre dersom resultatet ikkje er i samsvar med offentlegrettslege krav som er stilt i lov eller i medhald av lov. Dette gjeld likevel ikkje dersom tilhøva viser at forbrukaren for så vidt ikkje bygde på entreprenørens sakkunnskap og vurdering, eller ikkje hadde rimeleg grunn til å gjere det.

Det er en mangel dersom boligen ikke er i samsvar med avtalen, lovfestede krav eller offentlige regler. Det regnes ikke som en mangel dersom avviket skyldes forhold hos forbrukeren.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 7Bustadoppføringslova § 9Bustadoppføringslova § 13

Manglande opplysningar

Mangel ligg òg føre dersom forbrukaren før avtalen vart gjord ikkje har fått opplysningar om arbeidet, materialane eller eigedomen som entreprenøren kjende eller måtte kjenne til, og som forbrukaren hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut i frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gjevne.

Det regnes som en mangel hvis entreprenøren holdt tilbake viktig informasjon om arbeidet, materialene eller eiendommen før avtalen ble inngått. Dette gjelder dersom informasjonen er noe forbrukeren hadde grunn til å forvente, og det har påvirket beslutningen om å inngå avtalen.AI

Urette opplysningar

Mangel ligg òg føre dersom resultatet ikkje svarer til opplysningar om eigenskapar eller bruk som er gjevne i samband med avtaleinngåinga eller ved marknadsføring a) av entreprenøren eller på entreprenørens vegner, eller b) av nokan annan i eigenskap av eller på vegner av materialleverandør eller tidlegare salsledd. Første ledd gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut i frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og opplysningane ikkje er retta i tide på ein tydeleg måte.

Det regnes som en mangel dersom boligen ikke stemmer overens med opplysninger gitt i markedsføringen eller ved avtaleinngåelsen. Dette gjelder forutsatt at informasjonen påvirket avtalen og ikke ble rettet i tide.AI

referert av 1

Tidspunktet for mangelsvurderinga

Om ytinga frå entreprenøren har mangel eller ikkje, skal avgjerast ut frå tilhøva på overtakingstidspunktet sjølv om mangelen viser seg først seinare. Entreprenøren svarer òg for feil som oppstår seinare, dersom årsaka til feilen er eit avtalebrot frå entreprenøren. Det same gjeld dersom entreprenøren ved garanti eller på annan måte har teke på seg ansvar for eigenskapar eller anna ved ytinga fram til eit seinare tidspunkt.

Om det er en mangel ved arbeidet, avgjøres ut fra hvordan ting var da boligen ble overtatt, selv om feilen oppdages senere. Entreprenøren er også ansvarlig for senere feil dersom årsaken er et avtalebrudd eller om det er gitt en garanti.AI

Forbrukarens krav som følgje av mangel

Ligg det føre mangel, kan forbrukaren a) halde attende vederlag etter § 31, b) krevje mangelen retta etter § 32, krevje prisavslag etter § 33 eller heve etter § 34, c) krevje skadebot etter § 35. For andre feil ved entreprenørens oppfylling gjeld føresegnene om manglar så langt dei høver.

Hvis det er mangler ved boligen, kan forbrukeren holde tilbake betaling, kreve at feilen blir rettet, be om prisavslag eller heve avtalen. Det er også mulig å kreve erstatning for tap.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 31Bustadoppføringslova § 32Bustadoppføringslova § 33Bustadoppføringslova § 34

Reklamasjon

Forbrukaren mistar retten til å gjere ein mangel gjeldande dersom det ikkje er gjeve melding til entreprenøren om at mangelen blir gjord gjeldande innan rimeleg tid etter at forbrukaren oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen. Ein mangel kan ikkje gjerast gjeldande seinare enn fem år etter overtakinga. Entreprenøren kan likevel ha teke på seg å svare for manglar i lengre tid. Vil forbrukaren gjere gjeldande manglar som var eller burde ha vore oppdaga ved overtakinga, må dette gjerast så snart råd er dersom overtakinga skjer ved overtakingsforretning. Når det blir halde seinare synfaring etter § 16, må forbrukaren gjere gjeldande manglar som var eller burde ha vore oppdaga, så snart råd er. Entreprenøren kan ikkje gjere gjeldande at det er reklamert for seint etter denne paragrafen, om mangelen kjem av at entreprenøren eller nokon entreprenøren svarer for, har fare fram grovt aktlaust eller i strid med heider og god tru elles. Retten til å gjere ein mangel gjeldande kan òg bli mista etter reglane om forelding i foreldingslova.

Forbrukeren må gi beskjed til entreprenøren innen rimelig tid etter at en mangel ble oppdaget for å kunne klage. Det er en hovedregel om at klagefristen er fem år etter overtakingen, med mindre det er avtalt lengre tid.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 15 juni 2007 nr. 36.

Se ogsåBustadoppføringslova § 16referert av 5

Forbrukarens rett til å halde attende vederlag

Har forbrukaren krav som følgje av mangelen, kan forbrukaren halde tilbake så mykje av vederlaget som er nødvendig for å sikre at kravet vert dekt.

Viss det er manglar ved bustaden, kan forbrukaren halde tilbake pengar for å sikre at kravet blir betalt.AI

referert av 1

Retting av mangel og skade

Forbrukaren kan krevje at entreprenøren rettar ein mangel om ikkje rettinga vil føre til kostnader eller ulemper som ikkje står i rimeleg høve til det forbrukaren oppnår. Skade som mangelen har ført til på arbeid eller eigedom som er omfatta av avtalen mellom forbrukaren og entreprenøren, skal òg rettast dersom skaden er ei nærliggjande og pårekneleg følgje av mangelen. Vil forbrukaren gjere gjeldande ein mangel, har entreprenøren krav på å få rette mangelen dersom rettinga kan skje utan vesentleg ulempe for forbrukaren, og forbrukaren heller ikkje elles har særleg grunn til å setje seg imot retting. Retting skal skje innan rimeleg tid etter at forbrukaren har gjort mangelen gjeldande og har gjort det mogleg for entreprenøren å rette. Skal det vere synfaring etter § 16, kan retting utstå til etter synfaringa dersom det ikkje er til ulempe for forbrukaren. Retting skjer for entreprenørens rekning. Entreprenøren skal bere tilkomstutgifter, utgifter til konstatering av mangelen og andre utgifter som er ei direkte og nødvendig følgje av rettinga. Entreprenøren kan likevel krevje pristillegg for arbeid og materialar som ikkje er omfatta av prisen, og som ville ha vore nødvendige jamvel om ytinga hadde vore utan mangel frå først av.

Forbrukaren kan krevje at entreprenøren rettar manglar og følgjeskadar på arbeid eller eigedom. Entreprenøren har som hovudregel rett til å utføre rettinga for eigen rekning innan rimeleg tid.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 16referert av 3

Prisavslag

Dersom ein mangel ikkje blir retta i samsvar med § 32, kan forbrukaren krevje prisavslag. Dette gjeld likevel ikkje dersom forbrukaren avslår retting som entreprenøren har rett til å utføre etter § 32 andre ledd. Prisavslaget skal vere lik kostnadene for forbrukaren med å få mangelen retta, bortsett frå slike kostnader som er nemnde i § 32 fjerde ledd tredje punktum. Blir kostnadene urimeleg høge i høve til det mangelen har å seie for forbrukaren, skal prisavslaget vere lik den verdireduksjonen som mangelen medfører. Prisavslaget skal likevel minst tilsvare det entreprenøren har spart ved ikkje å levere mangelfri yting.

Hvis en mangel ikke blir rettet, kan forbrukeren kreve prisavslag. Avslaget skal normalt dekke kostnadene ved å rette mangelen, eller være lik verdireduksjonen hvis kostnadene blir urimelig høye.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 32referert av 2

Heving

Forbrukaren kan heve avtalen dersom mangelen inneber eit vesentleg avtalebrot. Forbrukaren kan òg heve avtalen før overtakingstidspunktet dersom det er klårt at ytinga kjem til å få ein slik mangel som nemnd i første punktum. Om verknadene av heving gjeld § 21 tilsvarande. Vert avtalen med entreprenøren heva på grunn av mangel ved entreprenørens yting, kan forbrukaren òg heve avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren dersom a) planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og b) avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden. I slike tilfelle kan forbrukaren jamvel heve avtalen med entreprenøren dersom avtalen om rett til grunnen blir heva på grunn av mangel. Blir begge avtalane heva, skal hevingsoppgjeret skje etter § 21 tredje ledd.

En forbruker kan heve avtalen dersom det foreligger et vesentlig avtalebrot, eller hvis det er klart at boligen vil få en slik mangel før overtaking. I visse tilfeller kan man også heve avtalen om rett til tomten hvis denne er knyttet til byggingen av boligen.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 21referert av 1

Skadebot ved mangel

Økonomisk tap som kjem av ein mangel, og som ikkje er dekt ved prisavslag etter § 33, kan forbrukaren krevje bøtt utan at det ligg føre skyld på entreprenørens side. Dette gjeld likevel ikkje så langt entreprenøren godtgjer at mangelen oppstod på grunn av ei hindring utanfor entreprenørens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at entreprenøren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at entreprenøren kunne ha overvunne eller unngått følgjene av hindringa. Ligg årsaka til mangelen hos ein underentreprenør som etter avtale med entreprenøren skal utføre arbeidet eller delar av det, er entreprenøren ansvarsfri berre dersom underentreprenøren òg ville vere ansvarsfri etter føresegnene i første ledd. Forbrukaren kan jamvel krevje skadebot for skade på ting som ikkje står i nokon nær og direkte samanheng med entreprenørens yting. Men dette skadebotansvaret fell bort dersom entreprenøren godtgjer at tapet ikkje kjem av feil eller forsøming på entreprenørens side.

Forbrukere kan få erstatning for økonomisk tap som følge av mangler, selv om entreprenøren ikke har skyld i det. Dette gjelder ikke hvis mangelen skyldes forhold utenfor entreprenørens kontroll. Erstatning kan også gis for skade på ting som ikke har direkte sammenheng med arbeidet.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 33referert av 2

Omfanget av ansvaret

Skadebota skal svare til det økonomiske tapet forbrukaren har hatt (utlegg, prisskilnad, tapt arbeidsforteneste, tingskade m.m.). Dette gjeld likevel berre tap som ein rimeleg kunne ha rekna med som ei mogleg følgje av mangelen. Forsømer forbrukaren å avgrense tapet gjennom rimelege tiltak, må forbrukaren sjølv bere den tilsvarande delen av tapet. Ansvaret kan setjast ned dersom det vil verke urimeleg for entreprenøren. Ved vurderinga legg ein vekt på storleiken av tapet samanlikna med tap som til vanleg oppstår i liknande tilfelle, og tilhøva elles.

Erstatningen skal dekke det økonomiske tapet forbrukeren har hatt på grunn av en mangel, forutsatt at tapet var påregnelig. Forbrukeren må bidra til å begrense tapet. Erstatningen kan settes ned dersom det ville være urimelig for entreprenøren.AI

referert av 2

Krav mot bakre ledd

Forbrukaren kan gjere sitt krav som følgje av mangel gjeldande mot ein tidlegare avtalepart som har gjort avtalen som ledd i næringsverksemd, i same mon som mangelen kan gjerast gjeldande av entreprenøren eller annan avtalepart. Avtale som innskrenkar det kravet entreprenøren eller ein annan avtalepart har, kan ikkje gjerast gjeldande mot forbrukaren i større mon enn det som kunne ha vore avtalt mellom forbrukaren og entreprenøren. Ved krav mot tidlegare avtalepart gjeld føresegnene om reklamasjon i § 30 tilsvarande for tilhøvet mellom forbrukaren og den tidlegare avtaleparten. I den mon forbrukaren gjer gjeldande krav mot entreprenøren som òg kunne ha vore gjort gjeldande mot ein tidlegare avtalepart, gjeld reklamasjonsfristen i § 30 første ledd andre punktum for vidare mangelskrav frå entreprenøren mot den tidlegare avtaleparten, dersom ikkje anna følgjer av avtalen mellom entreprenøren og den tidlegare avtaleparten. Føresegna her gjeld tilsvarande for vidare krav mellom tidlegare avtalepartar som følgjer av at forbrukaren har gjort gjeldande mangelskrav.

Forbrukere kan rette krav om mangler mot tidligere avtaleparter som har handlet i næringsvirksomhet. Dette gjelder i samme grad som entreprenøren selv kunne ha rettet krav mot disse partene. Reglene om reklamasjon gjelder også for disse forholdene.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 30referert av 2

Tredjepersons ansvar for opplysningar

Ein person som ikkje har mangelsansvar etter § 37, svarer andsynes forbrukaren etter reglane i § 35 dersom vedkomande har gjeve slike opplysningar om ytinga som § 27 nemner, på vegner av entreprenøren eller i eigenskap av eller på vegner av tidlegare leverandørledd. For krav som nemnt i første ledd, gjeld føresegnene om reklamasjon i § 30 tilsvarande.

En person som ikke har vanlig ansvar for mangler, kan likevel bli ansvarlig overfor forbrukeren hvis vedkommende har gitt opplysninger om boligen på vegne av entreprenøren eller tidligere leverandører. Reglene om reklamasjon gjelder også for slike krav.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 37Bustadoppføringslova § 35Bustadoppføringslova § 27Bustadoppføringslova § 30

Rettsmangel

Har ein tredjeperson eigedomsrett, panterett eller annan rett i det entreprenøren skal yte, gjeld føresegnene om manglar tilsvarande, om ikkje forbrukaren etter avtalen skal overta heftet. Forbrukaren kan likevel ikkje krevje retting etter § 32. Forbrukaren kan likevel alltid krevje skadebot for tap som følgje av at det som entreprenøren skal yte, tilhøyrde ein annan enn entreprenøren da avtalen vart inngått, dersom forbrukaren ikkje kjende eller burde kjenne til det. Gjer ein tredjeperson krav på å ha rett i det som entreprenøren skal yte, og dette vert motsagt frå entreprenøren, gjeld føresegnene i første og andre ledd tilsvarande når kravet ikkje er klårt ugrunna.

Det regnes som en mangel dersom andre enn entreprenøren har rettigheter i det som skal leveres, med mindre forbrukeren har avtalt å overta dette. Forbrukeren kan i visse tilfeller kreve erstatning for økonomisk tap.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 32

Offentlegrettslege rådvaldsband

For avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), gjeld føresegnene om manglar tilsvarande i høve til offentlegrettslege rådvaldsband eller offentlegrettslege tyngsler på eigedomen.

Viss avtalen inkluderer rett til grunn, blir offentlegrettslege rådvaldsband eller tyngsler på eigedomen rekna som manglar på same måte som andre feil ved arbeidet.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 1

Kapittel V. Forbrukarens yting

Fastsetjing av vederlaget

Forbrukaren skal betale det vederlaget som er avtalt. I den mon det ikkje er avtalt kva vederlag entreprenøren har krav på, skal forbrukaren betale eit vederlag som dekkjer nødvendige kostnader og eit rimeleg påslag. Dersom entreprenøren har gjeve eit prisoverslag, skal vederlaget ikkje overstige den oppgjevne summen vesentleg, og høgst med 15 prosent. Denne føresegna gjeld likevel ikkje dersom det uttrykkeleg er avtalt ei anna grense for vederlaget, og heller ikkje i den mon entreprenøren har krav på tilleggsvederlag etter §§ 42 eller 43. Det er entreprenøren som må godtgjere ein påstand om at vederlaget er oppgjeve som eit prisoverslag eller som ei ikkje bindande prisopplysning. Vederlaget skal reknast å vere oppgjeve med meirverdiavgift innrekna, om ikkje forbrukaren må ha visst at avgifta ikkje var innrekna. Entreprenøren har ikkje krav på tillegg for prisstiging utan at det er avtalt skriftleg.

Forbrukeren skal betale avtalt pris. Hvis prisen er gitt som et prisoverslag, kan den normalt ikke øke med mer enn 15 prosent, med mindre annet er avtalt eller det foreligger krav om tilleggsvederlag. Prisen inkluderer vanligvis merverdiavgift.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 42Bustadoppføringslova § 43referert av 2

Justering for endringar og tilleggsarbeid

Partane kan krevje justering av vederlaget som følgje av endringar og tilleggsarbeid i den mon det følgjer av den opprinnelege avtalen eller er fastsett i særskilt skriftleg avtale om endringane eller tilleggsarbeidet. Elles kan justering av avtalt vederlag berre krevjast a) dersom krav på tillegg eller frådrag er framsett i samband med kravet om endringar eller tilleggsarbeid, eller b) i den mon den andre parten måtte skjøne at endringane eller tilleggsarbeidet ville føre til eit slikt krav. Justering av vederlaget etter andre ledd skal skje på grunnlag av nødvendig kostnadsauke eller oppnåeleg innsparing for entreprenøren med tilsvarande endring av entreprenørens påslag.

Partene kan kreve endring i prisen ved endringer eller tilleggsarbeid dersom dette er avtalt skriftlig. Ellers kan prisen bare justeres hvis kravet ble meldt samtidig med endringen, eller hvis motparten burde forstått at arbeidet ville føre til et prisavvik.AI

referert av 3

Tilleggsvederlag i andre tilfelle

Entreprenøren kan krevje tilleggsvederlag for nødvendige kostnader som kjem av forhold på forbrukarens side, med tilsvarande endring av entreprenørens påslag. Entreprenøren kan likevel ikkje krevje tilleggsvederlag på grunn av manglande medverknad dersom forbrukaren har krav på tilleggsfrist etter § 51.

Entreprenøren kan be om ekstra betaling for nødvendige kostnader som skyldes forhold hos forbrukeren. Dette gjelder ikke dersom manglende medvirkning skyldes at forbrukeren har krav på utvidet frist.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 51referert av 4

Vederlag for førebuing m.m

For utgreiingar, teikningar, utarbeiding av pristilbod og for liknande førebuing før ytinga er bestilt, skal forbrukaren berre betale vederlag dersom det er opplyst eller teke atterhald om det på førehand.

Forbrukere skal kun betale for planlegging, tegninger og pristilbud før en bestilling er gjort dersom dette ble opplyst om på forhånd.AI

Vågnaden for ytinga

Forbrukaren skal ikkje betale for arbeid eller materialar som blir skadde eller går tapt ved ei hending før overtakinga som ikkje kjem av forhold på forbrukarens side. Entreprenøren har òg vågnaden for materialar som forbrukaren har skaffa, dersom dei er overlatne til entreprenøren.

Forbrukeren skal ikke betale for arbeid eller materialer som blir skadet eller går tapt før overtakelsen, så lenge det ikke er forbrukerens feil. Entreprenøren er også ansvarlig for materialer som forbrukeren har kjøpt inn og levert.AI

referert av 1

Betalingstid

Er ikkje betalingstida avtalt, skal forbrukaren betale når entreprenøren krev det etter overtaking. Ved avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), kan entreprenøren berre krevje betaling mot heimelsoverføring. Det kan avtalast at forbrukaren skal stille garanti eller gje trygd på annan måte for rett betaling. Blir ikkje trygd gjeven i samsvar med avtalen, skal dette reknast likt med manglande betaling.

Hvis betalingstiden ikke er avtalt, skal betaling skje etter overtaking når entreprenøren krever det. Ved kjøp av tomt kan betaling kun kreves mot overføring av hjemmelen. Det kan avtales garantier for betaling, og manglende garanti regnes som manglende betaling.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 1referert av 2

Forskotsbetaling

Avtale om at forbrukaren skal betale avdrag eller forskot på entreprenørens vederlag, gjeld berre så langt a) verdien av arbeid som er utført på eigedomen, saman med materialar som er tilførte eigedomen, minst svarer til det som til kvar tid er betalt, b) det ikkje kviler salspant eller andre hefte på materialar som er innbygde eller tilførte eigedomen, og som skal betalast ved avdraget, og c) minst ein tiandedel av vederlaget ikkje skal betalast før overtakinga. Ved avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), kan det berre avtalast forskotsbetaling etter første ledd dersom betalinga skal skje etter at forbrukaren har fått overført heimelen til eigedomen utan andre hefte enn dei som forbrukaren skal overta, eller det er stilt garanti som nemnd i tredje ledd. Sjølv om vilkåra i første ledd bokstav a og b ikkje er oppfylte, kan det avtalast at forbrukaren skal betale avdrag mot sjølvskuldgaranti frå ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. § 12 sjette og sjuande ledd gjeld tilsvarande.

Reglene bestemmer når en forbruker må betale avdrag eller forskudd til en entreprenør. Betaling kan normalt bare skje dersom arbeidet som er utført tilsvarer beløpet som er betalt, og en del av summen holdes tilbake til overtakelsen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 des 2010 nr. 74 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 10 des 2010 nr. 1570, med verknad for garantiavtalar inngått etter 1 juli 2011), 16 des 2016 nr. 94 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1585).

Se ogsåBustadoppføringslova § 12 første leddBustadoppføringslova § 1omtalt i 5 kilderreferert av 4

Rekning, sluttoppgjer og gebyr

Forbrukaren kan setje som vilkår for betaling av avdrag og sluttoppgjer at entreprenøren legg fram rekning som kan kontrollerast. Tillegg for prisstiging, justering av vederlaget etter § 42 og tillegg etter § 43 skal gå fram særskilt. Har forbrukaren fått rekning for sluttoppgjer, kan entreprenøren ikkje seinare krevje retting av sluttoppgjeret. Dette gjeld likevel ikkje dersom det er teke særskilt atterhald eller forbrukaren måtte forstå at det var feil i rekninga. Rekning for sluttoppgjer utan atterhald er bindande for forbrukaren dersom innvending ikkje er reist seinast ein månad etter at rekninga er motteken. Dette gjeld likevel ikkje dersom lågare vederlag følgjer av avtalen, eller dersom kravet er urimeleg. Entreprenøren kan ikkje krevje bestillingsgebyr, ordregebyr, ekspedisjonsgebyr, gebyr for skriving av rekning e.l. i tillegg til vederlaget.

Forbrukeren kan kreve at fakturaer er kontrollerbare før betaling. En sluttoppgjørsfaktura er bindende hvis det ikke kommer innsigelser innen en måned, med visse unntak. Entreprenøren har ikke lov til å kreve ulike typer administrasjonsgebyrer.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 42Bustadoppføringslova § 43

Deponering av omtvista vederlag

Er det avtalt at sluttoppgjeret skal vere betalt før overtaking eller før heimelsoverføring, og noko av vederlaget er omtvista, skal betalinga likevel reknast for å vere skjedd dersom den omtvista delen er deponert etter føresegnene i andre og tredje ledd og resten er betalt. Deponering skal skje ved å setje pengesummen inn på ein konto i ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. Pengane, renter medrekna, skal berre kunne disponerast av forbrukaren og entreprenøren i lag. Finansinstitusjonen skal likevel utbetale frå kontoen i samsvar med rettskraftig dom eller anna avgjerd som har verknad som rettskraftig dom. Er det sett vilkår om deponering av ein større sum enn entreprenøren har krav på, kan forbrukaren krevje rente og skadebot for rentetap etter lov av 17. desember 1976 nr. 100 om forsinket betaling m.m. frå deponeringstidspunktet for den overskytande delen. Renteinntekt på den tilsvarande delen av den deponerte summen skal gå til frådrag i kravet. Om forbrukarens plikt til å betale rente og skadebot for rentetap gjeld § 59.

Hvis man er uenig i prisen ved overtakelse av en bolig, kan den omstridte summen settes inn på en sperret konto. Betalingen regnes da som utført, forutsatt at resten av beløpet er betalt.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 59referert av 1

Forbrukarens medverknad

Skal forbrukaren eller nokon forbrukaren svarer for, levere teikningar, skaffe materialar eller medverke på anna vis, skal medverknaden ytast til den tida som er avtalt, og elles til slik tid at det blir teke rimeleg omsyn til utføringa av entreprenørens arbeid.

Hvis forbrukeren skal levere tegninger, materialer eller bidra på andre måter, skal dette skje til avtalt tid. Det skal tas rimelig hensyn til hvordan entreprenøren utfører arbeidet.AI

referert av 1

Tilleggsfrist

Forbrukaren kan krevje lenging av fristar for betaling og medverknad dersom a) betalinga eller medverknaden blir seinka på grunn av entreprenørens forhold, eller b) betalinga eller medverknaden blir seinka på grunn av ei hindring utanfor forbrukarens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at forbrukaren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at forbrukaren skal unngå eller overvinne følgjene av hindringa. Blir betalinga eller medverknaden seinka på grunn av ein tredjeperson som forbrukaren svarer for, har forbrukaren krav på tilleggsfrist dersom tredjepersonen ville ha hatt krav på tilleggsfrist etter andre leddet.

Forbrukaren kan krevje utsett frist for betaling og medverknad dersom forseinkinga skyldast entreprenøren eller forhold utanfor forbrukarens kontroll. Dette gjeld også dersom ein tredjeperson forbrukaren svarer for ville hatt krav på tilleggsfrist.AI

referert av 3

Kapittel VI. Avbestilling

Avbestilling

Forbrukaren kan avbestille ytinga eller delar av den før overtaking. For arbeid som er utført før avbestillinga, kan entreprenøren krevje vederlag. Vederlaget skal fastsetjast på grunnlag av dei prisane som er avtalt, eller dersom dette ikkje let seg gjere, etter føresegnene i § 41 andre ledd. Entreprenøren kan vidare krevje skadebot for økonomisk tap så langt forbrukaren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av avbestillinga. Dette gjeld òg tapt forteneste så langt det blir godtgjort at det ikkje var mogleg å oppnå ei tilsvarande forteneste ved oppdrag frå andre. Ved utmålinga gjeld elles føresegnene i § 36 tilsvarande. Skadebot etter tredje ledd kan likevel ikkje krevjast dersom avbestillinga kjem av at forbrukaren ikkje kan gjere seg nytte av arbeidet, yte nødvendig medverknad eller betale på grunn av ei hindring som ligg utanfor forbrukarens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at forbrukaren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at forbrukaren skal unngå eller overvinne følgjene av hindringa.

Forbrukaren kan avbestille bustadoppføringa eller delar av ho før overtaking. Entreprenøren kan krevje betaling for utført arbeid og erstatning for økonomisk tap, med mindre avbestillinga skuldast forhold utanfor forbrukarens kontroll.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 41Bustadoppføringslova § 36referert av 3

Avbestilling som omfattar rett til grunn

§ 52 andre til fjerde ledd gjeld ikkje når avbestillinga omfattar rett til grunn (jf. § 1 første ledd bokstav b). I slike tilfelle kan entreprenøren krevje skadebot for økonomisk tap så langt forbrukaren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av avbestillinga. Ved utmålinga gjeld føresegnene i § 36 tilsvarande. Dersom heile ytinga etter avtalen med entreprenøren vert avbestilt, kan forbrukaren òg avbestille ytinga etter avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren dersom a) planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og b) avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden. Retten til avbestilling gjeld utan omsyn til om avtalen om grunnen er oppfylt, men entreprenøren kan setje som vilkår for avbestilling at ytingane etter avtalen om rett til grunnen blir førte attende. Skadebot kan krevjast etter føresegnene i første ledd.

Reglane om avbestilling er annleis når avtalen inneber rett til grunn. Entreprenøren kan krevje erstatning for økonomisk tap som forbrukaren rimeleg kunne føresjå. Det er under visse vilkår mogleg å avbestille avtalar om grunn som er gjort med andre enn entreprenøren.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 52Bustadoppføringslova § 1Bustadoppføringslova § 36referert av 2

Avbestillingsgebyr

I staden for skadebotansvar etter § 52 eller § 53 kan avtalen fastsetje ei normalskadebot (avbestillingsgebyr) ved avbestilling. Normalskadebota lyt verke rimeleg i lys av føresegnene i § 52 og § 53. Unntaka frå skadebotplikta i § 52 fjerde ledd gjeld tilsvarande.

Avtalen kan bestemme et fast gebyr som skal betales ved avbestilling i stedet for erstatning. Dette gebyret må være rimelig, og de samme unntakene fra erstatningsplikt som gjelder ellers, skal også gjelde her.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 52Bustadoppføringslova § 53

Kapittel VII. Forseinking på forbrukarens side

Entreprenørens krav ved forseinking

Dersom betaling eller medverknad frå forbrukarens side ikkje blir ytt til dei tider entreprenøren kan krevje etter §§ 46, 47, 50 og 51, kan entreprenøren a) stanse arbeidet og krevje tilleggsvederlag etter § 56, jf. § 43, b) heve avtalen og krevje skadebot etter §§ 57 og 58, c) krevje rente og skadebot for rentetap etter § 59. Omfattar avtalen rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), har forbrukaren ikkje krav på overtaking eller heimelsoverføring før betaling og medverknad er ytt i samsvar med avtalen, sjå likevel § 49 om høve til deponering av omtvista beløp.

Hvis forbrukeren ikke betaler eller bidrar som avtalt, kan entreprenøren stoppe arbeidet, heve avtalen eller kreve renter og erstatning. Forbrukeren kan i slike tilfeller nektes overtakelse av boligen og overføring av hjemmelen.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 46Bustadoppføringslova § 47Bustadoppføringslova § 50Bustadoppføringslova § 51

Stansing av arbeidet

Betaler forbrukaren ikkje avtalt avdrag eller forskot på entreprenørens vederlag til rett tid, kan entreprenøren gje forbrukaren varsel om stansing. Betaler ikkje forbrukaren snarast råd etter at han har motteke eit slikt varsel, kan entreprenøren stanse arbeidet. Entreprenøren skal likevel i rimeleg omfang sikre utført arbeid og materialar og utstyr som finst på byggjeplassen. § 58 tredje ledd gjeld tilsvarande. Blir arbeidet stansa, kan entreprenøren krevje tilleggsvederlag etter § 43. Føresegnene i første og andre ledd gjeld tilsvarande dersom det er klårt at betalinga kjem til å bli forseinka, og forbrukaren på førespurnad ikkje gjev fullgod trygd for betalinga.

Entreprenøren kan stanse arbeidet dersom forbrukeren ikke betaler avtalt beløp i tide, eller ikke kan stille sikkerhet for betalingen. Entreprenøren må først sende et varsel og må sørge for at utført arbeid og utstyr er sikret.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 58Bustadoppføringslova § 43referert av 1

Heving

Entreprenøren kan heve avtalen dersom forseinking med forbrukarens betaling eller medverknad inneber vesentleg avtalebrot. Entreprenøren kan òg heve avtalen dersom det er klårt at det kjem til å oppstå slik forseinking, og forbrukaren på førespurnad ikkje gjev fullgod trygd for oppfyllinga. Entreprenøren kan ikkje heve avtalen etter overtaking eller etter at skøyte eller festedokument er tinglyst eller gjeve forbrukaren. Hevingsretten står ved lag om entreprenøren har teke atterhald om det, eller om forbrukaren ikkje held fast ved avtalen. Når forbrukaren har betalt, kan entreprenøren ikkje heve avtalen med mindre det er gjeve melding til forbrukaren om hevingskravet før eller straks entreprenøren fekk vete om betalinga eller medverknaden.

Entreprenøren kan heve avtalen dersom forbrukeren er vesentlig forsinket med betaling eller medvirkning. Det er begrensninger for heving etter overtakelse eller tinglysing, og det stilles krav til varsling dersom betaling allerede har skjedd.AI

referert av 1

Verknadene av heving

Blir avtalen heva, har entreprenøren krav på oppgjer som om forbrukaren hadde avbestilt på hevingstidspunktet (§ 52 eller § 53). Etter heving skal entreprenøren i rimeleg omfang sikre utført arbeid og materialar og utstyr som finst på byggjeplassen. Entreprenøren har ikkje krav på å få attende delar av arbeid som er utført på forbrukarens eigedom, eller betalte materialar som er tilførte eigedomen, om ikkje anna følgjer av gyldig atterhald. Er avtale om rett til grunnen gjort med nokon annan enn entreprenøren, og oppføringa av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, kan entreprenøren krevje at ytingane etter den avtalen blir førte attende dersom avtalen mellom entreprenøren og forbrukaren blir heva på grunn av mishald frå forbrukaren.

Hvis avtalen heves, skal oppgjøret skje som om forbrukeren hadde avbestilt. Entreprenøren skal sikre utført arbeid og utstyr, men kan normalt ikke kreve tilbake arbeid eller materialer som er på eiendommen.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 53Bustadoppføringslova § 52referert av 2

Rente og skadebot for rentetap

Ved forseinka betaling kan entreprenøren krevje rente og skadebot for rentetap etter lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.

Viss forbrukaren betaler for seint, kan entreprenøren krevje renter og erstatning for økonomisk tap som følgje av dette.AI

referert av 2

Kapittel VIII. Langvarig avbrot

Langvarig avbrot

Kvar av partane kan seie seg løyst frå avtalen dersom arbeidet må avbrytast eller ikkje kan kome i gang på grunn av omstende som nemnde i § 11 første ledd bokstav c eller § 51 første ledd bokstav b, i så lang tid at føresetnadene for avtalen blir vesentleg endra. Likt med avbrot av arbeidet skal reknast utsetjing av overtaking eller heimelsoverføring. Føresegnene i § 21 gjeld tilsvarande dersom ein av partane seier seg løyst frå avtalen etter første ledd. Partane har ikkje krav på skadebot. Dersom ein av partane seier seg løyst frå avtalen etter første ledd, kan kvar av partane krevje at ytinga etter avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren, går attende dersom a) planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og b) avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden.

Begge parter kan avslutte avtalen dersom arbeidet blir avbrutt eller utsatt så lenge at forutsetningene for avtalen endres vesentlig. Det er ikke mulig å kreve erstatning ved et slikt avbrudd.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 11Bustadoppføringslova § 51Bustadoppføringslova § 21

Kapittel IX. Skadebotansvar for konsulent

Verkeområdet for kapitlet

Føresegnene i dette kapitlet gjeld konsulentavtalar med forbrukar. Med konsulentavtale er det meint ein avtale mellom ein sjølvstendig oppdragstakar (konsulenten) og ein oppdragsgjevar (forbrukaren, jf § 2) om planlegging av oppføring av bygning til bustadføremål eller planlegging av arbeid som vert utført direkte som ledd i slik oppføring. Føresegnene i kapitlet gjeld berre dersom konsulenten skal utføre arbeidet som ledd i næringsverksemd, medrekna tilfelle der organisasjonar eller offentleg verksemd står for planlegging mot godtgjersle.

Reglene i dette kapittelet gjelder for avtaler mellom en forbruker og en konsulent om planlegging av boligbygging eller arbeid knyttet til dette. Reglene gjelder kun når konsulenten utfører arbeidet som en del av næringsvirksomhet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 21 juni 2002 nr. 34 (ikr. 1 juli 2002).

Se ogsåBustadoppføringslova § 2referert av 1

Fråskriving av skadebotansvar på grunn av feil

Konsulenten kan ikkje fråskrive seg skadebotansvar som han eller ho har etter allmenne reglar på grunn av feil.

En konsulent kan ikke avtale seg bort fra ansvaret for å betale erstatning dersom det er gjort feil.AI

Reklamasjon

Forbrukaren mistar retten til å krevje skadebot på grunn av feil dersom det ikkje er gjeve melding til konsulenten om kravet innan rimeleg tid etter at forbrukaren oppdaga eller burde ha oppdaga feilen. Kravet kan ikkje meldast seinare enn fem år etter overtakinga av den ytinga som oppdraget knyter seg til, om ikkje konsulenten har teke på seg å svare for feil i lengre tid. Konsulenten kan ikkje gjere gjeldande at det er reklamert for seint etter denne paragrafen om tapet kjem av at konsulenten eller nokon konsulenten svarer for, har fare fram grovt aktlaust eller i strid med heider og god tru elles.

En forbruker må gi beskjed til konsulenten innen rimelig tid etter at en feil ble oppdaget for å kunne kreve erstatning. Det er en absolutt frist på fem år etter overtakingen, med mindre det er avtalt lengre tid. Fristen gjelder ikke dersom konsulenten har opptrådt grovt uaktsomt.AI

Kapittel X. Tvisteløysing

Tvisteløysing

Denne føresegna gjeld avtalar med forbrukar om oppføring av eigarbustad, jf. § 1, og konsulentavtalar med forbrukar, jf. § 61. Dersom det på grunnlag av avtale mellom entreprenørane eller konsulentane sine organisasjonar og Forbrukarrådet er skipa ei nemnd for tvistar om avtalar som går inn under lova her, og som er godkjend etter godkjenningslova, kan kvar av partane leggje fram for nemnda ein tvist der nemnda er kompetent. Så lenge tvisten er til førehaving i nemnda, kan ikkje entreprenøren reise søksmål om same tvisteemnet.

Hvis det finnes en godkjent klagenemnd for tvister om boligbygging eller konsulenttjenester, kan partene bringe saken inn for denne. Entreprenøren kan ikke gå til søksmål så lenge saken behandles i nemnda.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 14 des 2001 nr. 1416), 17 juni 2016 nr. 29 (ikr. 1 juli 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 703), 23 juni 2020 nr. 98 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 23 juni 2020 nr. 1285).

Se ogsåBustadoppføringslova § 1Bustadoppføringslova § 61omtalt i 2 kilder1 forskrift

Kapittel XI. Endringar i andre lover. Ikraftsetjing

Endringar i andre lover

Desse føresegnene i andre lover endrast slik: – – –

Denne bestemmelsen fastslår at enkelte andre lover blir endret.AI

referert av 1

Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Lova får berre verknad for avtalar som blir gjorde etter at ho tek til å gjelde. § 65 nr. 1 (endringar i lov av 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer), § 65 nr. 3 (endring i lov av 23. desember 1988 nr. 104 om produktansvar) og § 65 nr. 6 (endring i lov av 25. august 1995 nr. 57 om pakkereiser) tek likevel til å gjelde straks. Endringane i lov av 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer gjeld også tidlegare oppkomne krav som ikkje er forelda når lova tek til å gjelde.

Loven gjelder fra den datoen Kongen bestemmer. Den har kun betydning for avtaler som er inngått etter at loven trådte i kraft, med visse unntak for endringer i andre lover.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 juli 1998 iflg. res. 3 okt 1997 nr. 1072 .

Se ogsåBustadoppføringslova § 65

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Gjelder lova når ein skal byggje eit fritidshus?

Lova gjeld avtalar mellom ein entreprenør og ein forbrukar om å byggje ny eigarbustad. Dette inkluderer også fritidshus, eigarseksjonar og full ombygging. Lova omfattar også planlegging av slike bustadprosjekt.

Åpne § 1
Gjelder reglene for eierbolig også for boliger i borettslag?

Reglene for oppføring av eierbolig gjelder også for boliger i borettslag når arbeidet ikke er ferdig til avtalt tid. Avtalen skal vise kontantbetaling, fellesgjeld og totalsummen av disse. Borettslaget kan fremsette krav om fellesarealer og felles plikter.

Åpne § 1a
Hvem kan fremme krav knyttet til fellesarealer i et eierseksjonssameie?

Styret i et eierseksjonssameie kan fremme krav som gjelder fellesarealer etter reglene i eierseksjonsloven.

Åpne § 1b
Hvem regnes som forbruker i denne loven?

Loven gjelder når en privatperson kjøper en ny bolig fra en utbygger som driver med dette som næring. Det betyr at både kjøperen må være en forbruker og selgeren må drive kommersiell virksomhet.

Åpne § 2
Kan man avtale vilkår som er dårligere for forbrukeren enn loven sier?

Loven sikrer at forbrukere ikke kan få dårligere vilkår i en avtale enn det loven bestemmer. Partene kan kreve at avtalen skrives ned skriftlig.

Åpne § 3
Gjelder bustadoppføringslova alltid uansett kva andre lover som finst?

Bestemmelsen forklarer når bustadoppføringslova gjeld i forhold til andre lover. Han seier at kjøpslova kan gå føre, og at avhendingslova eller tomtefestelova gjeld for visse avtalar om fast eigedom.

Åpne § 4
Hva skjer hvis en melding jeg har sendt blir forsinket?

Hvis en melding er sendt på en forsvarlig måte, regnes den som gitt i tide selv om den blir forsinket eller ikke kommer frem som forventet.

Åpne § 5
Gjelder disse reglene for personskader?

Reglene om erstatningsansvar for entreprenører og konsulenter gjelder ikke ved personskader eller økonomisk tap i næring. For slike tilfeller, eller tap som ikke skyldes kontraktsbrudd, gjelder generelle erstatningsregler. Entreprenører kan ikke avtale seg bort fra ansvar for tingskader som rammer forbrukere.

Åpne § 6

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

1 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Bustadoppføringslova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.