Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 16. Tilsyn og vedtak

Kosmetikklova·Kapittel III. Avsluttande føresegner

Tilsyn og vedtak

Tilsynsorganet fører tilsyn og kan gjere nødvendige vedtak om å forby utvikling, produksjon, import, tilarbeiding, distribusjon, eksport og omsetning av produkt, og om beslaglegging, destruksjon og stenging av verksemda. Tilsynsorganet kan påleggje den som er ansvarleg for verksemda, å dekkje faktiske kostnader i samband med beslaglegging, destruksjon og stenging av verksemda. Dersom pålegga ikkje blir følgde, dersom det er ukjent kven som er ansvarleg, eller dersom det er nødvendig å få gjennomført tiltak raskt, kan tilsynet sjølv gjennomføre tiltak som er nemnde i første ledd. Tiltak kan gjennomførast på kostnad av den ansvarlege. Skuldige beløp er tvangsgrunnlag for utlegg. Tilsynsorganet kan, dersom viktige samfunnsinteresser tilseier det, eller av omsyn til dei internasjonale pliktene Noreg har, fastsetje, endre eller oppheve tidsavgrensa forskrifter utan føregåande høyring og kunngjere forskrifter på særskild måte. Offentlege styresmakter pliktar på førespurnad frå tilsynet å gi nødvendige opplysningar utan hinder av teieplikta. Politi, tollverk, kystvakt og kommunar skal på førespurnad yte hjelp til tilsynet. Departementet bestemmer kva for eit forvaltningsorgan som skal vere tilsynsorgan etter lova.

Tilsynsmyndigheten kan forby salg, produksjon og import av kosmetikk, samt stenge virksomheter, beslaglegge varer og kreve destruksjon. Den ansvarlige må betale for disse tiltakene. Tilsynet kan også fastsette forskrifter raskt uten høring dersom samfunnsinteresser krever det.AI

referert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter3
Referert av1

Koblinger for § 16 i kosmetikklova.

Les hele loven i sammenheng →