Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-48. Fag- og sveinebrev og praksisbrev i vidaregåande opplæring

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering·Sist endret 1. august 2025

Fag- og sveinebrev og praksisbrev i vidaregåande opplæring

Fag- og sveinebrev skal givast som dokumentasjon på bestått fag- og sveineprøve i vidaregåande opplæring. Praksisbrev skal givast som dokumentasjon på bestått praksisbrevprøve. Det er berre dei som har bestått alle relevante fag og eksamenar, som kan få fag- og sveinebrev og praksisbrev. Dette kravet gjeld likevel ikkje for a) dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9 b) dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10 c) dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23 d) dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49 e) dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40 f) dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk. Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb treng ikkje fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.

Fag- og sveinebrev eller praksisbrev gis som dokumentasjon på at man har bestått den aktuelle prøven. For å få brevet må man normalt ha bestått alle relevante fag og eksamenar, med visse unntak for fritak, dispensasjon eller spesielle kandidattyper.AI

Endret 23. juni 2026 · i kraft 22. juni 2026
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 20 juni 2025 nr. 1179 (i kraft 1 aug 2025), 22 juni 2026 nr. 1184.

Se ogsåOpplæringsforskrifta § 5-9Opplæringsforskrifta § 5-10Opplæringsforskrifta § 9-19Opplæringsforskrifta § 9-21referert av 4

Sammenheng

Se også8
Referert av4
Endringshistorikk2

Koblinger for § 9-48 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →