Utdanningsplan
(1) Alle som er tatt opp til eit studieprogram på 60 studiepoeng eller meir skal ha ein utdanningsplan. Andre studentar skal ha ein forenkla utdanningsplan dersom fakultetet fastset dette i utfyllande reglar.
(2) Utdanningsplanen er ein avtale mellom studenten og Universitetet i Bergen som regulerer rettar og plikter overfor kvarandre. Utdanningsplanen fastset studieløpet fram til studieprogrammet er fullført.
(3) Utdanningsplanen skal innehalde:
a) namnet på studieprogrammet,
b) kva for emne studenten tar sikte på å fullføre; semester, rekkefølge, orientering om framgangsmåte ved endring av utdanningsplanen og val av ikkje-obligatoriske emne,
c) tidlegare utdanning som skal inngå i graden,
d) eventuell planlagt utveksling,
e) tilvisingar til regelverk som studenten skal kjenne til og følge, inkludert denne forskrifta, fakultetet sine reglar, sørviserklæringar, og studieplanen og
f) orientering om verknaden av manglande oppfølging av utdanningsplanen, jf. § 4-5.
(4) Fakultetet skal varsle alle studentar som har eit etterslep på 30 studiepoeng eller meir om at utdanningsplanen må oppdaterast. Varselet skal sendast ut på eit fast tidspunkt kvart år. Fakultetet og studenten skal i fellesskap avgjere kva for endringar som må gjerast.
Studenter på programmer med 60 studiepoeng eller mer skal ha en utdanningsplan. Dette er en avtale mellom studenten og universitetet som bestemmer studieløpet frem til utdanningen er ferdig.AI
Sammenheng
Se også1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 4-6 i uibs-studieforskrift.