Forskrift
Nynorsk
§ 4-5. Tap av studierett
Tap av studierett
(1) Fakultetet kan trekke tilbake studieretten dersom studenten:
a) ikkje oppfyller krava etter § 4-3 (2) eller § 4-4,
b) ikkje bidrar til å fastsetje utdanningsplan i samsvar med § 4-6 (4),
c) gir melding om at hen ønsker å avslutte studiet,
d) får opptak til eit anna studieprogram ved UiB, og det ikkje er gode faglege grunnar til at fleire studierettar finst parallelt,
e) ikkje består noko studiepoenggivande emne i to semester på rad,
f) på slutten av studieåret har eit etterslep på meir enn halvparten av normert progresjon for studieprogrammet,
g) har gjort maksimalt tal eksamensforsøk i obligatoriske emne utan bestått resultat eller
h) har fullført studieprogrammet eller emnet som opptaket gjeld.
(2) Vedtak etter bokstavane e og f i første avsnitt skal ta omsyn til innvilga permisjonar, pausar, deltidsstudium og gyldig fråvær til eksamen eller obligatoriske aktivitetar, og vedtak om utestenging. Fakultetet kan alltid trekke tilbake studieretten for studentar som ikkje har produsert studiepoeng dei siste seks semestera, med mindre studenten har hatt permisjon i heile perioden, jf. § 5-2.
(3) For kliniske og utøvande/skapande studieprogram kan fakultetet i studieplanen og/eller utfyllande reglar fastsette at studieretten kan trekkast tilbake dersom studenten er meir enn to år forsinka samanlikna med normal progresjon.
(4) Nemnd for studentsaker kan vedta utestenging og dermed midlertidig tap av studieretten, jf. universitets- og høgskulelova §§ 12-4 og 12-5.
Fakultetet kan ta fra studenten retten til å studere hvis visse krav ikke er møtt, eller hvis studenten ikke har hatt fremdrift i studiene. Det kan også skje ved opptak til andre studier, fullføring av programmet eller ved utestenging.AI
Endret 17. desember 2025 · i kraft 17. desember 2025
Endringshistorikk (2)
- 17. desember 2025Forskrift om endring i forskrift om studium ved Universitetet i Bergen
- 2. juli 2024Forskrift om endring i forskrift om studium ved Universitetet i Bergen
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 13 juni 2024 nr. 1447, 27 nov 2025 nr. 2637 (i kraft 17 des 2025).
Se ogsåUiBs studieforskrift § 4-3UiBs studieforskrift § 4-4UiBs studieforskrift § 4-6UiBs studieforskrift § 5-2referert av 2 →
Sammenheng
Se også5
Referert av2
Endringshistorikk2
Koblinger for § 4-5 i uibs-studieforskrift.