Semesteravgift
(1) Plikta til å betale semesteravgift følger av forskrift om studentsamskipnader § 17.
(2) Alle skal betale semesteravgift i dei semestera dei er eksamensmelde. Det same gjeld studentar som er tekne opp på studieprogram som er normert til 15 studiepoeng eller meir per semester, sjølv om dei ikkje er eksamensmelde.
(3) Første avsnitt gjeld ikkje:
a) for innvekslingsstudentar som etter avtale er fritekne frå semesteravgifta,
b) for tilsette som tar emne med nær tilknyting til stillinga, inkludert pedagogisk opplæring, eller
c) dersom fritak frå semesteravgift går fram av emneskildringa eller anna regelverk.
(4) Fritak etter tredje avsnitt gjeld berre når det er klarert med samskipnaden.
(5) Studentar som er tekne opp til studium normert til under 15 studiepoeng per semester, kan velje om dei vil betale semesteravgift dei semestera dei ikkje er eksamensmelde.
(6) Studentar i permisjon etter § 5-2 kan velje om dei vil betale semesteravgift. Eksamensmelde studentar må betale semesteravgift sjølv om dei har permisjon.
Studenter må betale semesteravgift hvis de er meldt opp til eksamen eller følger et studieprogram med 15 studiepoeng eller mer per semester. Enkelte grupper, som visse utvekslingsstudenter og ansatte, kan få fritak. Studenter i permisjon eller med få studiepoeng kan i noen tilfeller velge om de vil betale.AI
Se ogsåForskrift om studentsamskipnader § 17UiBs studieforskrift § 5-2referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 4-4 i uibs-studieforskrift.