Hopp til innhold
Forskrift

§ 14. Ny utrekning av bustøtte

Forskrift om bustøtte·Sist endret 1. juni 2026

Ny utrekning av bustøtte

Dersom korrigerte opplysningar frå a-ordninga eller etterkontroll syner at mottakaren har fått utbetalt for lite eller for mykje bustøtte etter forskrifta her, skal det gjennomførast eit etteroppgjer. Husbanken hentar inn oppdaterte opplysningar frå a-ordninga fram til fastsetting av formue og inntektsskatt for det same året. Dersom det er utbetalt for høg bustøtte fordi mottakaren hadde høgare inntekt og formue enn det som er lagt til grunn da støtta vart vedteken, skal for mykje utbetalt bustøtte motreknast mot seinare bustøtte eller krevjast tilbake med mindre anna følgjer av siste ledd. Dersom det er utbetalt for låg bustøtte fordi mottakaren hadde lågare inntekt og formue enn det som er lagt til grunn da støtta vart vedteken, skal for lite utbetalt bustøtte betalast ut til mottakaren med mindre anna følgjer av siste ledd. For lite utbetalt bustøtte skal ikkje etterbetalast dersom summen er lågare enn 63 kroner. For mykje utbetalt bustøtte skal ikkje betalast tilbake dersom summen er lågare enn eitt rettsgebyr, jf. lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr.

Hvis det viser seg at man har fått feil beløp i bostøtte på grunn av endret inntekt eller formue, skal det gjøres et oppgjør. For mye utbetalt støtte kreves tilbake, mens for lite utbetalt støtte etterbetales, så lenge beløpene er over visse grenser.AI

Endret 29. mai 2026 · i kraft 1. juni 2026
Endringshistorikk (11)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 19 juni 2013 nr. 676 (i kraft 1 juli 2013), 12 des 2013 nr. 1495 (i kraft 1 jan 2014), 19 des 2016 nr. 1738 (i kraft 1 jan 2017), 18 des 2020 nr. 3025 (i kraft 1 jan 2021), 25 mai 2021 nr. 1693 (i kraft 1 juni 2021), 25 mai 2022 nr. 915 (i kraft 1 juni 2022), 30 mai 2023 nr. 753 (i kraft 1 juni 2023), 28 mai 2024 nr. 859 (i kraft 1 juni 2024), 27 mai 2025 nr. 902 (i kraft 1 juni 2025), 26 mai 2026 nr. 940 (i kraft 1 juni 2026).

Sammenheng

Endringshistorikk11

Koblinger for § 14 i forskrift-om-bustøtte.

Les hele forskriften i sammenheng →